Talet på dødsulykker halvert i sommar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sommarmånadane juni og juli har 20 mista livet på norske vegar, mot 37 personar i same periode i fjor. Så langt i juli har åtte mista livet i trafikkulykker, som er ein markant nedgang frå heile 22 omkomne i 2016.

– Sjølv om dette handlar om mykje meir enn tal og statistikk er vi glade for utviklinga. Trenden er klar; det blir stadig sikrare å ferdast i trafikken på norske vegar. Norsk trafikksikkerheit er i verdsklasse som eit resultat av systematisk, kunnskapsbasert og målretta arbeid over langt tid, seier Guro Ranes i Statens vegvesen.

Det er ikkje berre i sommar talet på dødsulykker har gått ned. Så langt i 2017 har 57 mista livet, noko som er ein nedgang på 27 personar samanlikna med dei sju første månadane i 2016. Statens vegvesen trur at det kan bli under 100 drepne på norske vegar totalt i 2017, om utviklinga fortset ut året.

– Vi kan vere på veg mot dei lågaste tala på 70 år. Vi må tilbake til 1947 – då 94 omkom – for å finne tilsvarande låge tal, seier Ranes.

Dei som har misser livet i trafikken i 2017 er eldre enn tidlegare, og vaksne menn dominerer statistikken. Av dei 57 personane som omkom i dei sju første månadane i år, var det 41 menn og 16 kvinner. 34 var over 50 år, mens 23 var under. Møteulykker og utforkøyringsulykker dominerer ulykkesstatistikken.|