Lokalprodusert mat og drikke er populært hos mange. No ønskjer Framstegspartiet å synleggjere lokalprodusert øl, sider og brennevin på Vinmonopolet.
NPK
NPK

På same måte som hyller med flagg viser kvar i verda produkta kjem frå, ønskjer partiet ei tilsvarande “Produsert i Noreg”-hylle.

– Vi ønskjer å utfordre Vinmonopolet til å framheve norsk- og lokalproduserte varer, på ein sånn måte at forbrukaren lett får tilgang til desse i heilt eigne hyller, seier Terje Halleland, stortingskandidat i Rogaland Frp, til NRK.

– Folk ønskjer tilgang til lokale produkt og folk er villige til å betale meir for lokale produkt. Om dei får produkta litt betre tilrettelagt og litt lettare tilgjengeleg, så kan det freiste litt meir, legg han til.

ANNONSE