Frå 15. juni gjeld eit nytt EU-regelverk for fri mobilbruk i heile EU. No melder mobilselskapa om kraftig auke i mobildataforbruket til nordmenn i utlandet.
NPK
NPK

Dette skriv E24.

Både Telia og Telenor inkluderte allereie i fjor fri databruk i EU og EØS i abonnementa sine. Likevel melder båe selskapa om ein auke på mellom 150 og 200 prosent frå 15. juni i år, målt mot dei same vekene i fjor.

– Frå februar i fjor til same månad i år hadde kundane auka dataforbruket med 900 prosent i EU og EØS. Veksten vi observerer no, kjem på toppen av dette igjen, seier pressekontakt Magnus Line i Telenor til E24.

Også OneCall, MyCall og Chess melder om auke i bruken av mobildata i EU og EØS.

LES OGSÅ

ANNONSE