Parasittar gir kløe etter bading i ferskvatn
Dersom du opplever myggstikkliknande kløande utslett etter bading i ferskvatn, så kan det vere symjekløe. Det er ikkje farleg for menneske, men kan gi allergisk reaksjon.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Utslettet er forårsaka av parasittiske iktar (flatmark) som trengjer inn i huda. Symjekløe (cercariedermatitt) er ikkje farleg for menneske, men kan gi ein allergisk reaksjon.
Utbrot av symjekløe kjem oftast i perioden juni til august etter periodar med godvêr, skriv Folkehelseinstituttet på nettsidene sine.
Totalt er symjekløe rapportert frå 116 ulike innsjøar her i landet.
Folkehelseinstituttet ønskjer å følgje med på kor utbreidd symjekløe er i Noreg. Dei ber folk som opplever symjekløe om å ta kontakt, slik at dei kan kartleggje kvar parasittane er.