KrF vil alderssjekka brukarar av pornonettsider

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inspirasjonen er henta frå Storbritannia, som no innfører ei ny lov for å verna barn mot pornografi. Lova vil mellom anna innebera at pornografiske nettsider blir pålagde å verifisera alderen til brukarane ved bruk av kredittkort.

– Som politikar synest eg det er eit spennande tiltak. Som pappa er eg uroleg for at barn i Noreg er på europatoppen når det gjeld å sjå på porno, seier nestleiar i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, til NRK.

Han strekar under at styresmaktene har som oppgåve å setja aldersgrenser for å regulera tilgangen på filmar, alkohol og spel. Han meiner at pornografi slepp for billeg unna.

– Det er tabu å snakka om regulering av internett også med pornografi. Eg meiner tida er moden for eit tiltak, seier Ropstad, som meiner at spesielt barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) kunne arbeidd meir aktivt mot nettporno.

Justiskomiteen vedtok i starten av juni å setja ned eit utval for å finna ut korleis ein kan verna barn mot pornografi og seksualisert innhald på nett. Fem KrF-representantar stod bak forslaget.

Direktør for internett og nye media i IKT Norge, Torgeir Waterhouse, meiner tiltaket om å krevja kredittkortdetaljar frå brukaren er problematisk.