Det er sett i verk fleire hundre tiltak for å redusere fakling – å brenne olje og gass som ikkje blir nytta – dei siste åra. Likevel aukar faklinga ved ein firedel av alle norske olje- og gassinstallasjonar.
NPK
NPK

Fakling er når ein brenn olje og gass som ikkje blir utnytta, og er den nest største utsleppsfaktoren innanfor olje- og gass. Reduksjonen av fakling blir sett på som ein av dei mest effektive måtane å få ned dei totale klimautsleppa frå olje- og gassektoren.

I internasjonal målestokk blir det fakla generelt lite i Noreg, samanlikna med andre olje- og gassproduserande land. Det er likevel eit mål å redusere faklinga, og unødig fakling er lovstridig. Likevel blei det i fjor fakla meir enn i 2010 ved over ein firedel (28 prosent) av norske olje- og gassfelt, viser ein gjennomgang Sysla har gjort.

Frederic Hauge i Bellona (Foto: Bellona)

– Reduksjon av fakling skulle vere ein av dei mest lågthengande fruktene når det gjeld utsleppsreduksjon. Når oljeindustrien ikkje ein gong klarer å gjere dette, forsvinn all truverd. Det blir dyrt å nå klimamåla i Noreg viss vi ikkje ein gong klarer å kutte i noko så enkelt som fakling, seier dagleg leiar i Bellona, Frederic Hauge til nettstaden.

Bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass reagerer på utspela til Bellona-Hauge.

– Vi er ueinig i påstanden om at bransjen ikkje har søkjelys på å redusere utsleppa. Dei fleste av felta som var i drift i 2010 kan vise til reduserte CO2 utslepp frå fakling i 2016, seier spesialrådgivar ved klima- og miljøavdelinga i Norsk olje og gass, Trym Edvardsson.

– Årsaka til at vi ikkje ser ein markant nedgang frå til dømes 2015–2016 er oppstart av fleire nye felt, mellom anna Goliat og Edvard Grieg. Av tekniske, operasjonelle og tryggingsårsaker, vil det alltid vere meir fakling dei første månadane eit felt er i produksjon, seier Edvardsson.

Kommentarar

ANNONSE