Øystein Runde teiknar og fortel om stamceller i denne artige faktaboka i teikneserieformat.
Ida Kornberg, Nynorsksenteret
Ida Kornberg, Nynorsksenteret

Kroppen din. Eit enormt maskineri med billionar av celler i harmonisk samarbeid. Men også ei slagmark! Cellene blir stadig utsette for skadar, slitasje, bakteriar og virusangrep. Når celler døyr, er kroppen avhengig av hjelp frå ein spesiell type celler. Stamceller. Kroppens superheltar er om dei. Stamceller.

Øystein Runde teiknar og fortel om stamceller i denne artige faktaboka i teikneserieformat. Han krydrar innhaldet med humor, interessante fakta og spanande informasjon som gjer fagstoffet underhaldande og lett tilgjengeleg for målgruppa. Runde brukar òg referansar og eit visuelt språk som dei unge kan kjenne seg att i, som når han fortel at stamcellene går gjennom blodårene som eit syttandemaitog. Teikneserien er oversiktleg også for lesarar som ikkje vande med dette formatet.

Heilt fremst i boka presenterer Runde hovudpersonane i boka. Dette er ein god måte å introdusere lesaren for stoffet, og ein fin indikasjon på kva boka handlar om. Vidare introduserer forfattaren seg sjølv og står fram som ein tydeleg forteljar gjennom heile boka. Runde formidlar også viktige framsteg og bidragsytarar i forskingsfeltet, som stamcelleforskar Cecilie Gjerde, Kamal Mustafa og Shinya Yamanaka.

Gjerde, til dømes, har oppnådd fantastiske framsteg i si forsking på stamceller og gir lesaren ei god forståing av kva stamceller er. Vi får òg vite om eit pågåande forsøk, resultat og kva vi kan vente oss av forsking i framtida. Vi får høyre om forbløffande forsøk der forskarar vellukka har forvandla ein liten bit musehud til ein heil flokk nye mus og om 3D-skrivarar som printar med kalsium.

Stamceller. Kroppens superheltar er ei interessant og spennande bok som gir barn, unge og vaksne kunnskap om eit tema som mange ikkje kjenner noko særleg til, men som vil bli veldig viktig i framtida.

Først publisert på Nynorskbok.no.

FÅ SISTE BOKNYTT I INNBOKSEN ÉIN GONG I VEKA!

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE