Reiseforsikringa dekkjer ikkje alle tjuveri i Syden

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reiseforsikringa gjeld ikkje uheldige damebesøk

– No i sommar får vi kvar veke inn telefonar frå litt slukøyra menn som har blitt lurte av kvinner i Syden. Og beskjeden dei får frå oss er den same: Inviterer du ei framand kvinne med deg på hotellet og blir robba, har du opprådt uaktsamt. Og då gjeld ikkje forsikringa, seier pressekontakt Arvid Steen i Tryg i ei pressemelding.

Det kan med andre ord vere verdisakene og mobiltelefonen som er mest interessant for ei kvinne, ikkje berre sjarmen og det vinnande vesenet til ein mann ho møter.

– Ei god reiseforsikring dekkjer mykje, som for eksempel sjukdom og forseinkingar som kan oppstå når du er ute og hygger deg på ein velfortent ferie. Men er du rusa, inviterer ei framand dame med på rommet og deretter blir rundstolen, må du dekke rekninga sjølv. På forsikringsspråket heiter det «aktlaus åtferd», eller på godt norsk: Dette burde eg ha forstått, seier Steen.

Ifølgje forsikringsselskapet Tryg hamnar ikkje kvinner i same situasjon like ofte som menn.

– Det er sjeldan. Menn i 40–50-åra er nok gjengangaren her, seier forsikringsmann Arvid Steen i Tryg.