Treng du nytt deksel? Kanskje av ein som vaskar hendene?

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fristar eit deksel med handvask?

No driv selskapet my-handy-design med å selje mobildeksel med tilfeldige bilete på, skriv The Guardian.

Treng du nytt deksel til telefonen? Amazon sel deksel med tilfeldige bilete på. Foto: my-handy-design/Amazon

Fristar det med eit bilte i dårleg oppløysing av ein lege som set på ei knestøtte, eller kanskje noko veldig spesielt, som ein mann som vaskar hendene på badet?

Det er i alle fall ein del å velje mellom, til dømes ein gamal mann som går med krykker og vaksenbleie. Eller røyr i bakken, kanskje nokre tablettar? Elles er det tær med sopp på, baby i vogn. Ja, moglegheitene er uendelege.

Selskapet som sel deksela hentar tilfeldige bilete som er gratis tilgjengelege, og legg ut stadig nye deksel på Amazon heilt automatisk.

Det kostar dei ingenting for alle bileta dei ikkje får seld på deksel, men kanskje nokre av dei får kjøparar? La han som ikkje har søkt etter gamle med bleier på Amazon kaste den første steinen.

Deksela har òg vorte populære på Twitter.