«Gangnam Style» ikkje lenger størst på YouTube

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Gangnam Style» ikkje lenger størst på YouTube

Etter fire og eit halvt år som den mest sette videoen på YouTube mister «Gangnam Style» førsteplassen til musikkvideoen «See You Again» av Wiz Khalifa og Charlie Puth.

«Gangnam Style», ein musikkvideo av artisten Psy frå Sør-Korea, var den første videoen som nådde ein milliard visingar på YouTube i 2012. På eit tidspunkt var låten så populær at YouTube krasja og kodane til sida måtte skrivast om. «Gangnam Style» er ein satirisk låt om dei rike i Seoul-distriktet med same namn.

«See You Again» er ein hyllest til den avdøde filmstjerna Paul Walker frå «Fast and the Furious»-filmane. Rapballaden har no 2 895 373 709 visingar medan «Gangnam Style» ligg hakket under med 2 894 426 475 visingar.