Stor test: Det beste sommarølet kjem frå Sogn

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Porten.

Nettsida ølportalen.no har testa ein rekkje øltypar med polstyrke for å finne den beste sommardrikken i 2017. Øvst tronar ein kveiteøl frå Flåm.

– Klart det er veldig kjekt. Konkurransen i vår bransje har etter kvart blitt ganske stor, så å komme på topp er eit flott bevis på at vi framleis gjer dei rette tinga, seier bryggerisjef Evin Lewis i Ægir.

Les også: Ein slik sogndøl kan vi like

– Slike kåringar er viktige

Han seier slike kåringar har mykje å seie for omdømet, sjølv om det sjølvsagt er avhengig av kor mange som les ho. At to sognaøl greier pallplass tek han som eit godt teikn.

– Det må bety at bryggeria i Sogn er flinke til å lage øl. Gjer ikkje det det?, spør han retorisk.

Også Øystein Meland frå Balder Brygg gler seg over den gode plasseringa.

– Det er avgrensa kva vi kan gjera for å profilera og marknadsføra produkta våre. Då er slike kåringar viktige for å få vist fram kvaliteten på det vi lagar. Så dette er vi veldig nøgde med, seier han.

Bør vere meir enn lettdrikkeleg

Bryggeriet frå Leikanger profilerer seg som ein representant for den vestnorske ølkulturen, som ifølgje Meland har fleire par tusen år historie bak seg.

– Slik sett synst eg det er fantastisk at resten av landet òg set pris på det bryggeria her inne i fjordande har å by på. Det er imponerande, seier han.

Kollegaen i Aurland meiner ein god sommarøl bør vere lettdrikkeleg, forfriskande, men òg smaksrik. Det siste meiner testpanelet dei òg har lukkast med.

– Ideen om å ta ein lett øl og gjere han enno lettare, for så å kalle han sommarøl, det er ikkje oss, seier Lewis.

Les meir på Porten.no!