No blir lova skjerpa for at det skal bli lettare å stoppe mobbing

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lovendring skal gjere det lettare å stoppe mobbing

Frå 1. august kan elevar og foreldre ta direkte kontakt med Fylkesmannen viss dei synest skulen gjer for lite for å stoppe mobbing.

Fylkesmannen kan då bestemme kva for konkrete tiltak skulen må gjennomføre og kan også gi bøter.

– Elevar og foreldre skal oppleve at det no blir enklare, og at det går raskare. Og dei kan ha forventningar om at skulen fort skal hive seg rundt og gjere noko, seier rådgivar Anita Kristiansen hos Fylkesmannen i Nordland til NRK.

Så tidleg som ei veke etter at skulen har fått varsel om mobbing, kan eleven og føresette be Fylkesmannen vurdere om skulen har gjort det han skal.