Kampen mot proffboksing og MMA

Mailiss Solheim
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Noreg hadde i over 30 år forbod mot proffboksing. I desember 2014 vart forbodet oppheva, men det tok likevel nesten to år før fyrste proffkamp vart gjennomført på norsk jord, med Cecilia Brækhus som sigerskvinne etter knockout i andre runde. Og det var nettopp forskrifter rundt knockout som var grunnen til at det tok tid frå forbodet vart oppheva, til det var mogleg å gjennomføre kamp.

Og det er forskrifter nedfelt i nemnde «knockoutlov» som er grunnen til at kampsportgreina MMA (Mixed Martial Arts) framleis ikkje er lovleg å gjennomføre i Noreg. Mellom anna fordi ein runde i MMA varar i 5 minutt, som er lengre enn det «knockoutloven» tillét.

Innsendar Mailiss Solheim er ikkje overtydd over argumenta imot å tillate kampsportar som MMA.

Motargumenta er medisin og etikk

Etter at vi i Noreg gjorde proffboksing lovleg, er det berre Nord-Korea att i heile verda som framleis har eit forbod mot denne idretten. Det er i seg sjølv eit levedyktig argument for at lovendringa var riktig. Motargumenta er basert på medisin og etikk.

Medisinsk fordi slag mot hovudet kan vere farleg. Etisk fordi boksing vert kalla valdsbruk. Mine meiningsfeller bryt desse poenga raskt ned, ved å peike på reglar i boksing som er laga for utøvarane sin sikkerheit. Sporten er kjønnsdelt, regulert med vektklassar og alle utøvarar går gjennom nøye, medisinske sjekkar både før og etter kamp.

I tillegg er det ein kampleiar i bokseringen som kan stogge kampen om det er fare for helse, eller vert utført ufine/ulovlege teknikkar. I tillegg er ikkje boksing einaste idrett med fare for slag mot hovudet, eller andre skadar for den saks skuld.

Ishockey er farlegast

I ei undersøking, gjennomført av Statens institutt for folkehelse i 1997, stod fotball for 35,7% av personskadar forårsaka av sportslege aktivitetar det året. I vintersport som alpint og utforkøyring har utøvarane stor fart, gjerne opp mot 140 km/t. Eit fall i slik hastigheit kan få alvorleg utfall.

I 2010 fortalde professor Roald Bahr, ved Senter for idrettsskadeforsking ved Norges Idrettshøgskole, at ishockey er den farlegaste lagsporten som er utbreidd i Noreg. På verdsbasis gir ishockey om lag tre gongar fleire skadar enn fotball.

Det er verdt å understreke at dei fleste av desse skadane kjem frå samanstøyt i høg hastigheit, ikkje av slåsskampane. Så kvifor har boksing, og kampsport generelt, fått eit så dårleg rykte?

Misforstår idretten

Svaret på dette spørsmålet er nok etikken. At to menneske slår laus på kvarandre, og det kan virke som maksimalt skadeomfang på motstandaren er målet med kampen. Joda, flest og best slag er viktig, men ingen seriøs boksar ynskjer i utgangspunktet å påføre skader.

Motstandarar av kampsport meiner at idretten er organisert vald. Men det er å misforstå idretten sin natur. Og det er feil bruk av ordet «vald». Ordboka definerer «vald» som maktmisbruk. Er det verkeleg maktmisbruk, når to likeverdige partar møtes i ein boksering, med same forutsetningar, med same kjønn, og med same vektklasse?

Er det vald, når to utøvarar kjenner risiko og har av fri vilje vald å møte opp til kampen? Nei, det meiner eg ikkje.

Boksing har vorte lovleg

Medan boksing har vorte lovleg, er MMA framleis forboden. Mange meiner MMA ser utruleg brutal ut – fordi det er ei blanding av «alle» kampsortgreinar, slik at både slag, spark, kne, bryting, kast og kroppslåsar er lovleg.

Dette er teknikkar som er lovleg i andre idrettar, likevel er MMA ulovleg.

Igjen er Noreg i selskap med Nord-Korea. Men i dette tilfellet er også Island med i gjengen. Det er likevel lov med MMA-kampar med innskrenka regelverk, der det mellom anna skal vere redusert slagkraft. Og utøvarar har lov å reise utanlands for å gå kamp. Samstundes har MMA færre hovudskadar enn boksing, fordi teknikkane er allsidig og det kjem færre slag mot hovudet.

Vi har ei rekke formidable MMA-utøvarar her i landet, som Emil Meek, som kjempa seg opp til UFC (Ultimate Fighting Championship). Er det ikkje på tide å la han, og andre MMA-utøvarar, få lov til å gå kamp på heimebane, slik Cecilia Brækhus har fått gjere?