Festivalane treng hjelp

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

20. juli går startskotet for Sæbøvikfestivalen, og 3. august for Festidalen i Uskedalen. Begge stader er det stort behov for fleire hender.

– Vi treng rundt 100 fleire frivillige for å koma i hamn, fortel frivillig-ansvarleg Mona Enes i Festidalen.

Festivalen har behov for godt og vel 300 frivillige totalt, så mange er alt på plass, men altså ikkje mange nok.

– Panikk har vi ikkje. Det pleier å vera slik på denne tida, men det begynner sjølvsagt å hasta no, seier Enes.

Mellom oppgåvene det trengst fleire frivillige til er scenerigging, jobbing i matgruppa, baren og ved inngangane.

– Det er personar over 18 år vi manglar, gjerne godt vaksne. Det viktigaste er at ein kan ta i eit tak og har godt humør. Løna er mat og drikke i «arbeidstida», og dagpass eller helgepass, alt etter kor mykje og når ein jobbar. Dessutan kan vi lokka med godt miljø og god dugnadsånd, seier Enes.

Wenche Tofte i Sæbøvikfestivalen er litt meir stressa enn Mona Enes, noko som sjølvsagt heng saman med at denne festivalen går av stabelen to veker tidlegare enn Festidalen.

– Faktisk manglar vi folk til mange oppgåver for å kunna gjennomføra festivalen etter planen, fortel Tofte.

Til oppgåvene nemner ho hjelp i samband med fiskekonkurransen og dansevakter fredag og laurdag. Løna for strevet er fribillettar til arrangement ein ikkje jobbar på.

– Dugnadsgjengen består av trivelege folk som har det moro saman, og vi har ei kjempekjekk helg i vente, lokkar Tofte.