Ungdommar dyrkar lokalt brennevinskrydder

Eit spesielt samarbeidsprosjekt skal sørgje for lokalt dyrka urter til brennevinsproduksjon i Grimstad. Over tre tusen urteplanter vert no sett i jorda av ungdommar i arbeidstrening, fortel NRK.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dyrkar brennevinskrydder på arbeidstrening

Verksemda K.G. Puntervold AS vart etablert i 1951, og vart i 2014 kjøpt opp av Det norske Brenneri. Grimstadprodusenten har hevda seg internasjonalt med produkta sine, og lanserte i 2012 Noregs første whisky.

No skal brennevinet bli endå meir lokalt av urter dyrka på Dømmesmoen i Grimstad med hjelp frå ungdommar i arbeidstrening.

– Enkelte urter må ein gå ut i skogen og plukke sjølv, for dei er ikkje handelsvare. Det blir litt tungvint, seier Jon Bertelsen, som er master blender ved Det Norske Brenneri, til NRK.

28 urtesortar, og 3.200 planter skal derfor setjast i jorda, og brukast som smakstilsetning i Puntervolds brennevin i haust.

Samarbeidet er eit forsøksprosjekt som skal halde på i tre år, men målet er å gjere urteverksemda kommersiell.