Desse elevane brukar sommaren på stølen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får skulefri éin månad tidlegare, men det er ei hake

Saka er først publisert på Porten.no.

– Me står opp klokka 6 og handmjølkar geitene. Så startar med ystinga, som tek heile dagen – me kokar på eit vedfyrt ystekar. Midt på dagen er det middag og ganske avslappa stemning. Klokka halv fem mjølkar me på ny og ystar ferdig brunosten, fortel Elisabeth Fagerland, som har vore elev ved Sogn jord- og hagebruksskule.

HEILE DAGEN: Ysting over vedfyrt ystekar tek tid.

Siste veka av juni og dei to første vekene av juli er det heile tida elevar som mjølkar  geiter og ystar brunost ved Sinjarheim i Aurlandsdalen. Dei er der i mindre grupper om gangen; fem dagar per gruppe.

– Hovudsakleg er det for å gje elevane læring og ei stølsoppleving. Men turistane set endeleg stor pris på det. Å få lukta fersk yste når dei kjem, sjå på mjølking og ysting, og å smaka på ysta er veldig populært, fortel Fagerland.

«Sommarskule»

Brunosten sel dei til fotturistane som går Aurlandsdalen.

– Det er veldig populært å kjøpa brunosten vår, og så får dei smaka på den viss dei er der når me ystar.

Dei fleste elevar har som kjend sommarferie på denne tida, men altså ikkje desse elevane ved Sogn jord- og hagebruksskule

– Det er startskotet på vg3 med ein månad skule på sommaren, så får elevane det att ved at dei avsluttar skuleåret ein månad tidlegare i mai.

GODE VENER: Geiter er ålreite dyr.

Krampe i hendene og mykje brunosteting

Fagerland sjølv er no ferdig med løpet sitt i Aurland, men ho har vore med ei gruppe og ysta i sommar.

– Det var fantastisk. Nydeleg vêr, alltid masse folk og god steming. Me åt uendeleg mykje brunost og nokre fekk krampe i hendene av handmjølkinga.

Fjøsmeister ved skulen, Even Hov, er på Sinjarheim heile trevekersperioden.

POPULÆR: Brunosten dei lagar er populær både blant elevane sjølve og fotturistane.

– Me blir litt matte av å sjå kor kjapt Even mjølka i høve oss. Men det er slik at det går tregt i starten av femdagarsperioden og vesentleg kjappare etter kvart når ein får taket på det.

Komande søndag, 9. juli, er det open støl der besøkjande kan prøva seg på mjølking, ysting og brunostforming sjølve. Om ein vil vera med på mjølkinga må ein møta opp på Sinjarheim klokka 16.

OPEN STØL: Søndag 9. juli er det open støl på Sinjarheim der besøkjande kan prøva seg på mjølking, ysting og brunostforming.