Bruce Springsteen får Bjørnsonprisen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bruce Springsteen er ein utøvar som deler Bjørnstjerne Bjørnsons tru på at ein kunstnar skal bruke posisjonen sin til å forsvare dei som treng det, peike på urettferd og oppmuntre når det er mogleg, seier president Kristenn Einarsson i Bjørnstjerne Bjørnson-akademiet ifølgje nettstaden Litteraturnett.

Prisen er på 100.000 kroner som saman med ein statuett og eit diplom blir overrekt under det årlege haustseminaret til Bjørnsonakademiet. Seminaret er for første gong lagt til Aulestad i Gausdal, og sjølve prisutdelinga skal skje 3. september.

I grunngivinga si peikar Bjørnsonakademiet på dei mange songtekstane der Springsteen har skildra «skjebnen til alle dem som mistet sitt fotfeste da det moderne USA utviklet seg», og trekkjer fram låten «American skin» frå 2014 som døme på tekstforfattarskapen. Der fortel Springsteen om ein valdtektsmistenkt svart mann som politifolk i 1999 skaut og drap med 41 skot, men utan at dei vart dømde for drap.

Bjørnsonakademiet vart stifta i 2003 for å fremje litteratur og ytringsfridom i Bjørnsons ånd, og medlemmene er framståande norske og utanlandske forskarar, forfattarar, politikarar og journalistar.

Bjørnsonprisen går til ein person eller institusjon som har «bidratt i stor grad i en internasjonal sammenheng innen det området som omfattes av akademiets formål». Tidlegare vinnarar er mellom andre Edward Snowden (2015), Kristin Solberg (2014) og Yasar Kemal (2013).