Mørk krim og lattermilde mysterium

For forfattaren Lars Mæhle kan det å skriva barnehagekrim vera eit pustehol når han strevar med mørk krim for vaksne om dystre tema. Spennvidda er difor stor når han 29. juni til 2. juli er festspeldiktar under Dei nynorske festspela.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Temaet for Dei nynorske festspela i år er tabu, og arrangørane rosar Mæhle for å ta opp vanskelege tema som psykisk helse og situasjonen for romanifolket i bøkene sine.

– Eg går ikkje bevisst inn for å skriva om det som er tabu, eg skriv om det som engasjerer meg, seier festivalforfattaren.

Kriminalromanen hans Den stille flokken, som kom ut i år, handlar om eit mørkt kapittel i norsk historie; behandlinga av romanifolket eller taterane. Boka byggjer på verkelege hendingar og er dyster lesnad. Mæhle meiner måten Noreg har behandla taterane på rett og slett kan kallast folkemord.

– Folkemordskommisjonen til FN har fem definisjonar for folkemord, og alle dei fem er innfridde i høve til måten Noreg har behandla taterane på. Det mest absurde er at Svanviken arbeidskoloni på Eide på Nordmøre – som berre ligg ti mil unna der eg vaks opp – var ein av dei mest sentrale i denne behandlinga, seier Mæhle.

Lars Mæhle meiner at måten taterar blir behandla på i Noreg går under definisjonen folkemord. Foto: Arne Hjorth Johansen/Flickr

Tvang og overgrep

Taterfamiliane blei tvangssende til Svanviken for å læra seg “Den norske bofaste kultur”. Dersom taterfamiliane braut kontraktsreglane, blei borna tekne frå dei. Det gjekk også føre seg mange andre grufulle overgrep.

– Det er så fælt at eg nesten ikkje greier snakka om det, seier forfattaren.

Han fortel at Svanviken arbeidskoloni eksisterte langt inn i etterkrigstida, og at bruket først blei stengt i 1989.

Sjølv ante han ingenting om dette før han tilfeldigvis kom over ei bok om det for eit par år sidan. Då blei han så gripen at han måtte gjera noko med det. Ved å skriva ein kriminalroman om temaet håpar Lars Mæhle at fleire skal få vita om overgrepa taterane har blitt utsette for og bli meir kritiske til korleis staten har gått fram.

Stor spennvidd

46-åringen frå Sunndalsøra debuterte i 2002 med boka Keeperen til Tunisia. Boka er seinare filmatisert. Sidan har han skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar både for barn, ungdom og vaksne.

– Eg likar å skriva for ulike aldrar, men ser først og fremst på meg sjølv som barne- og ungdomsforfattar. Det er det eg likar aller best, seier forfattaren, som i 2009 blei heidra med Kulturdepartementets pris for beste barne- og ungdomsbok for fantasyromanen Landet under isen. Romanen har også vunne fleire andre prisar.

Under dei fire dagar lange festspela i Hovdebygda får publikum oppleva mange sider av den allsidige forfattaren. Deltakinga hans rommar alt frå samtalar om mørk samfunnskritisk krim til barnelitteratur, krimgåter for dei yngste, barneteater og familiekonsert med opplesing til musikk.

– Eg synest det er artig å bryna seg på ulike ting. Den store spennvidda på festspela er midt i blinken. Det speglar også forfattarskapen min, legg han til.

FÅ MED DEG BOKMELDINGA av Lars Mæhles Bouvetøya 2052: Forrykande klimatriller

Den krevjande ungdomstida

Mange av ungdomsbøkene til Lars Mæhle handlar om overgangen frå barn til vaksen. Mæhle peikar på at dette er ein periode mange støyter på problem. Han opplevde sjølv ungdomstida som ei svært intens tid som gjorde sterkt inntrykk.

– Det er ein av grunnane til at eg har skrive mykje om det, seier han.

Mæhle er òg open om at han har personar i familien som har slite psykisk og at det difor er nærliggjande å skriva om folk som strevar. Samtidig som Lars Mæhle tek opp vanskelege tema, har han ei eiga evne til å fortelja med humor. Han fortel til dømes at debutboka hans, Keeperen til Tunisia, eigentleg er ei bok om psykisk helse fordekt som komedie.

LES OGSÅ: Skeiv litteratur er både spegel og vindauge

Mysterium i låg høgde

Festivalforfattaren likar også godt å skriva for dei yngste barna. Medan han heldt på med den dystre kriminalromanen om taterane, skapte han ein heilt ny sjanger for dei minste. Sjølv kallar han det barnehagekrim eller mysterium i låg høgde.

– Eg hadde behov for ein ventil der eg kunne bruka litt humor. Det handlar om mysterium som skjer under ein meter, seier Mæhle.

Han forklarer at historiene kan dreia seg om alt frå kor brillene til barnehagestyraren har blitt av – til kven av barna som er ute, når dei skal vera inne.

Det finst ein raud tråd. Tematisk handlar det ofte om mellommenneskelege forhold, folk som kjenner seg utanfor og folk som slit.

Raud tråd

– Det er stor variasjon i det du skriv. Finst det nokon raud tråd?

– Ja, det finst ein raud tråd. Tematisk handlar det ofte om mellommenneskelege forhold, folk som kjenner seg utanfor og folk som slit. Men humor er også viktig i historiene mine, strekar Mæhle under.

At han prøver å fortelja viktige ting gjennom spenningshistorier, meiner han også er eit kjenneteikn ved forfattarskapen hans. Å vera medviten om denne måten å formidla på trur han er spesielt viktig for å nå barn og ungdom.

– Det er noko heilt anna å skriva for barn og unge i dag enn berre for 10–15 år sidan. Viss du ikkje fangar lesaren i første kapittelet, kan du nesten vurdera å finna noko anna å driva med, meiner Lars Mæhle.

BLI MED I FRAMTIDA.NOs SKRIVEKONKURRANSE! Me premierer førsteplassen med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.