Top Gear-team kan ha køyrd i 244 km/t

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Produsentane har fått løyve til å bryte norske fartsgrenser under innspelingane, men no er løyvet kalla tilbake med umiddelbar verknad, melder TV 2.

Årsaka er at løyve gjaldt hastigheiter opp mot 140 kilometer i timen, medan vegstrekninga var stengt for annan trafikk på grunn av innspelinga. Produsentane hadde løyve til å stengje av vegen inntil 12 minutt av gongen.

244 kilometer i timen

Målingane blei gjort i same tidsrom som det populære tv-programmet gjorde opptak på staden og viser hastigheiter på mellom 170 og 180 kilometer i timen på Atlanterhavsvegen. Inne i Atlanterhavstunnelen blei det målt opp mot 244 kilometer i timen.

Målingane er gjort med sensorar som ligg fast i vegbana. Ingen frå Statens vegvesen eller politiet var til stades da målingane blei gjort. Vegvesenet har rapportert målingane til politiet, som har sett i verk etterforsking.

I ei pressemelding frå politiet heiter det mellom anna at ” Ein kan på noverande tidspunkt ikkje slå fast kven som står bak fartsoverskridingane. Etterforskinga er innretta mot å avdekkje dette. Det er naturleg å undersøkje om fartsoverskridingane er gjort i tidsrommet når vegen har vore stengt og nytta til filminnspeling.

Inndratt løyve

– Det er på den bakgrunn at politiet har sett i verk etterforsking, og løyve til å overskride fartsgrensa er kalla tilbake, seier politiinspektør Anne Berit Lian i Møre og Romsdal politidistrikt.

Top Gear har gått på BBC sidan 2002. I 2015 fekk den profilerte programleiaren Jeremy Clarkson sparken og tok sine medprogramleiarar Richard Hammond og James May med seg.

Programmet blir no leia av den amerikanske skodespelaren Matt LeBlanc og den engelske motorsportjournalisten Chris Harris.

(©NPK)