Ålesund blir fri for skatteparadis

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ålesund kommune vedtok torsdag kveld at dei skal bli skatteparadisfri.

Med dette ynskjer kommunen å gå gjennom rutinane sine for å hindra innkjøp frå og avtaler med selskap som opererer gjennom skatteparadis.

Forslaget kom frå representantar frå AP, SV og KrF og på oppmoding frå ungdomar frå Communication for Change (CFC) og Changemaker.

Aksjonerte mot skatteparadis

I mai inviterte ungdomsgruppene politikarar frå Ålesund til ein aksjon mot skatteparadis. Aksjonen resulterte i forslaget som no er vedteke. Med dette vert Ålesund den største kommunen etter Trondheim som markerer seg mot bruk av skatteparadis.

Tuva Krogh Widskjold er leiar i Changemaker. Foto: Changemaker

– Vi er veldig glad for at Ålesund tek eit så stort problem som skatteflukt på alvor. Kvart år forsvinn kring 500 milliardar dollar globalt i skatteinntekter frå multinasjonale selskap til skatteparadis. I tillegg viser saka at det nyttar å engasjera seg, seier leiar i Changemaker, Tuva Widskjold.

– Vi meiner at i ei globaliserte verda må ein kommune som Ålesund ta eit globalt ansvar, og difor er vi veldig glade for at kommunestyret seier ja til å verta ein skatteparadisfri sone, seier Håvard Norli Rensvold frå CFC.

Globalt i lokalpolitikken

– Vi har det veldig bra i Noreg, og difor er det fint å ikkje berre setja fokus på lokale problem, men òg bidra globalt, sa ein av forslagsstillarane, Åse Marie Myren frå KrF, til CFC under aksjonen i mai.

Dei to andre forslagsstillarane er Anders Lindbeck frå SV og Svein Rune Johannessen frå AP.

Changemaker lanserer 28. juni ein kampanje om tematikken, der dei ynskjer eit nytt skattesystem som skal hindra skatteflukt globalt gjennom einskapleg skattlegging.

CFC er eit utvekslingsprogram med unge folk frå Noreg og resten av verda og vert drive av Kirkens Nødhjelp og KFUK-KFUM.