Noreg klarer ikkje utdanne nok farmasøytar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 2001 har talet på apotek her i landet meir enn dobla seg. Tal frå Apotekforeningen viser at det er 868 apotek i landet, per 1. januar. Det gjer at behovet for farmasøytar har auka, skriv NRK.

Ifølgje Apotekforeningen har rundt halvparten av dei som har blitt tilsett i norske apotek dei siste åra, utdanning frå utlandet.

Administrerande direktør i Apotekforeningen Per T. Lund meiner det er feil at eit land som Noreg skal vere så avhengige av importert arbeidskraft på dette området.

– Eg synest det er eit paradoks at vi i Noreg har etablert det til ein standard at det er greitt å importere verdifull arbeidskraft frå utlandet. Rundt 200 farmasøytar vert utdanna årleg ved norske universitet og høgskular, vi har foreslått å auke det med 50, seier Lund.

Også nestleiaren i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), er bekymra over utviklinga.

– Det er veldig bekymringsfylt. Det er ikkje ein berekraftig situasjon å rekruttere farmasøytar frå utlandet. Dette er noko vi må ta fatt i, seier Toppe.

Ho meiner fleire studieplassar og desentralisert praksis i studieløpet kan vere tiltak til å auke sjansen for å få norske farmasøytar ut i distriktsapoteka.

(©NPK)