Britisk storavis: – Ungdom kan læra å festa av norske russ

Framtida
Publisert
Oppdatert 22.06.2017 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under overskrifta «Norwegian teens celebrate a bizarre month-long holiday full of drinking, sex and wild dares – here’s what it’s like» freistar den britiske storavisa The Independent å gi lesarane sine eit lite innblikk i korleis den norske russefeiringa artar seg.

Mellom bileta som illustrerer artikkelen om denne bisarre månadslange ferien fylt av drikking, sex og ville utfordringar dukkar det også opp eit utsnitt frå borgartoget i Ulsteinvik, nærare bestemt russebilkortesjen på veg forbi Saunes.

«Gløym «American Pie»-filmane. Ungdom kan lære ein ting eller to om festing av sine norske motstykke» heiter det i innleiinga av artikkelen.

– I amerikanske filmar får vi inntrykk av at dei er så galne. Men vi har den sprøaste feiringa her i Noreg, seier russepresidenten Fredrik Helgesen, ifølgje nyhendebyrået Associated Press.

Lesarane får deretter vite litt om både russebukser, russebussar og knutereglar.

For å illustrere artikkelen har avisa nytta bilete frå Instagram – og då mellom anna eit frå Saunes som ingers1971 posta 17. mai i år.

Saka vart først publisert på Vikebladet.no.