Tidlegare Statoil-økonom: – Ikkje opplagt at oljeutvinning i Lofoten er lønsamt

Per nordmann kan inntekta vera på 750 kroner, før miljøverknaden er rekna med.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare Statoil-økonom sår tvil om lønsemda i Lofoten-olje

Statoils tidlegare sjeføkonom Klaus Mohn meiner lønnsemda i ei eventuell olje- og gassutvinning i Lofoten, Vesterålen og Senja er overdriven.

Han er kommen til at statens samla nettoinntekter blir 133 milliardar kroner i heile levetida til utvinninga. Oljefondet får dermed 4 milliardar kroner meir i avkasting kvart år. Dette svarar til drygt 750 kroner ekstra per innbyggjar, seier han til Aftenposten.

– Dersom ein i tillegg tar omsyn til miljøeffektar, klimaeffektar og indirekte verknaden i norsk næringsliv, er det slett ikkje opplagt at oljeverksemda i desse områda er lønnsamt for samfunnet, meiner Mohn.

Han peikar på at verdiane i oljeverksemda i nord frå næringa ofte blir illustrert med det største talet, nemleg salsverdien av oljen og gassen.

– Men dette talet seier lite om lønnsemd og kva nordmenn flest får igjen i form av varig auka pengebruk på statsbudsjettet, seier Mohn.

No er han professor i petroleumsøkonomi ved Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger. Mohn viser til at Oljedirektoratets forventningar til ressursar i det såkalla LoVeSe- området og ein oljepris på 60 dollar per fat gir ein samla salsverdi av ressursane på i overkant av 500 milliardar kroner.

Men kostnadene ved leiting og utvinning må trekkjast frå, oljeselskapa skal ha si forteneste og inntekter og utgifter på ulike tidspunkt må reknast om til dagens verdi.

– Samfunnet og Finansdepartementet vil sitte igjen med mykje mindre enn salsverdien av oljen og gassen, seier Mohn.

(©NPK)