Kinesiske styresmakter mistenkjer ein 22 år gammal mann for å stå bak eksplosjonen i ein barnehage førre torsdag. Men mange meiner det er løgn.
mm

15. juni eksploderte det ved inngangen til ein barnehage i Feng fylke i Jiangsu provinsen. 8 menneskjer omkom og 65 vart skada. Eksplosjonen gjekk av ved hovudinngangen til barnehagen kor foreldre og besteforeldre venta på å hente med borna heim. Det er foreløpig ikkje rapportert om at det skal vera born blant dei omkomne. Offisielle media sa først at eksplosjonen var forårsaka av ein gasstank, før det seinare på dagen blei gjort kjent at 22 år gamle Xu er mistenkt for å stå angrepet. Xu blei sjølv drepen i eksplosjonen.

Det statleg eigde nyhendebyrået Xinhua skriv at politiet fant materiale i Xus leilegheit til å lage bombe, samt ord som «daud» og «utrydde» skrive på veggen.

Feng fylke (Skjermdump frå Google Maps).

Xu, som skal ha budd i nærleiken av barnehagen, var ifølgje politiet psykisk sjuk og hadde nylig avslutta studiane på grunn av ein nevrotisk forstyrring som kan føre til depresjon, angst, problem med synet og andre kroppslege funksjonar.

Alle kinesiske skular og barnehagar skal etter krav frå det kinesiske kunnskapsdepartementet ha utplassert sikkerheitsvakter i skuleområdet. Fredag 16.juni publiserte departementet eit nytt direktiv der skular blir bedt om å utføre ein omfattande inspeksjon av moglege truslar til sikkerheita. Det inkluderer blant anna å undersøkje tidlegare tilsette som har blitt sparka, tilsette med psykiske lidingar og ulovlege kioskar og bodar i nærleiken av skuleområde.

I kort tid etter eksplosjonen bad politiet befolkninga om å ikkje starte, spreie eller tru på rykte på sosiale media.

Trur ikkje på forklaringa til styresmaktene

Fleire skriv i kommentarfelta på kinesiske nettaviser og sosiale media at det ikkje trur på at eksplosjonen i barnehagen i Feng var forårsaka av ei bombe, men at det må vera ein gasseksplosjon.

Brukarar på det kinesiske sosiale media Weibo trur ikkje på myndigheitenes forklaring til eksplosjonen i ein barnehage førre veke. Foto: Jon Russell/Flickr

Ein brukar på Weibo (kinesisk sosial media, journ.anm) skriv «Lokalbefolkninga seier det er ein gasstank som har eksplodert. Veit du ikkje at viss fylkesadministrasjonen har forårsaka ei ulykke så får fylkesmannen sparken? Fylkesadministrasjonen er upassande, lar omkomne ta skylda. Får du sove i natt, fylkesmann?».

Ei anna skriv «Dette er falskt! Ingen trur vel på denne forklaringa? Sjølvsagt er det ein gasstank som har eksplodert».

Hyppig fenomen

Men angrep på skular og barnehagar er ikkje eit ukjent fenomen i Kina. Det kontinuerlege valet av skular som mål kan tyde på at det er kopikriminalitet. Difor har myndigheitene tidlegare fjerna rapportering av liknande angrep frå internett i frykt for å provosere fram fleire liknande hendingar.

I mai i år blei ein buss med barnehageborn påtend inni ein tunnel i Shandong provinsen. 13 omkom, inkludert sjåføren som skal ha sett på brannen i frustrasjon over å ha mista overtidsbetaling.

I mars 2010 drap ein mann 8 born ved ein barneskule i Fujian-provinsen. Angrepet blei starten på ein rekke liknande  handlingar. I april same år blei tre skular angripen tre dagar på rad forskjellige stader i landet.

I desember 2012 vart ein skule i Chenping i Henan-provinsen angripen av ein 36 år gammal mann. 23 elevar og ei eldre dame vart knivstukken, men ingen omkom, berre timar etter 26 menneske blei skoten og drepen ved Sandy Hooks i USA. I etterkant av angrepa blei våpenlovane i USA og Kina brukt til å forklare forskjellen i talet med omkomne. I motsetning til USA er det i hovudsak ikkje lov for privatpersonar å bera skytevåpen i Kina.

LES OGSÅ: Nær 6000 drepne av håndvåpen i USA halvveis inn i 2016

Meiner psykisk sjukdom og press har skulda

Motiva bak dei fleste skuleangrepa i Kina er ukjent, men mangel på tilstrekkelege helsetenester som skal behandle og førebyggje psykisk sjukdom har fått mykje av skulda. Angriparane kan ha vore utsatt for eit høgt nivå av stress som følgje av hurtig økonomisk vekst og store endringar i samfunnet og sosiale strukturar.  Mange flyttar inn til dei store byane for å finne arbeid for å forsørgje familien på landsbygda, men på grunn av hukou-systemet (offisielt system for bustadskontroll, helse-, skule- og andre tenester er berre tilbode der ein har registrert hukou, journ.anm) manglar mange tilgang til slike helsetenester.

«Uavhengig om den mistenkte har psykisk liding eller ei, kan ein ikkje nekte for at det er eit enormt press frå samfunnet i dag, og folk som har hjertesmerte er ikkje få. Staten må passe ekstra godt på desse og etablere institusjonar for å drenere hjarte! Me har sjukdomsbehandling men ikkje sjukdomsførebygging!» skriv ein Weibo-brukar (Skjermdump frå Weibo).

Ein annan forklaringsfaktor kan vere den store kjønnsubalansen i Kina som følgje av eittbornspolitikken. 116 gutar er født per 100 jente, som har ført til stor frustrasjon blant single menn som ikkje finne ektemake. Desse mennene blir kalla ‘nakne greiner’, og nokon meiner det er større sannsyn for at dei utøver vald.

FÅ OGSÅ MED DEG: Sender barna utanlands for å unngå kinesisk eksamenspress

Oppdatert: torsdag 22. juni 2017 09.59
ANNONSE