Sjekk ut den nye Daniel Kvammen-videoen

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 07.07.2017 10:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Gatelangs gjennom sorg og synd» er ein feststemt poplåt frå Vektlaus, andrealbumet til Daniel Kvammen som kom ut i vinter. No har geilingen bleika håret og spelt inn ein musikkvideo til songen, og resultatet er ei fargesprakande kjærleikserklæring til hans andre heimstad: Oslo.

– Låta er eit bilete på ein person som har gitt seg fullt og heilt hen til det byen har å by på, seier Kvammen sjølv til NRK P3.

Musikkvideoen er produsert av Brusjan Film, og viser Magnus Mossige som spring gatelangs i byen medan Daniel Kvammen står med med utsikt over Oslo-fjorden og syng om at han «er sikker på at kjærleiken finst».

På veg gjennom byen er me mellom anna innom slottet, Vigelandsparken, Ullevål sjukehus og (sjølvsagt) Hartvig Nissens skole.

Om Kvammen-videoen blei ein for sterk dose Oslo-kjærleik, tilrår me «Oslo» av Razika som motgift: