A-ha tek med seg MTV til Sunnmøre

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 22. og fredag 23. juni kjem trioen til øya Giske utanfor Ålesund med kjende songar – og MTV på slep. No skal dei gjera gamle låtar i ny drakt – som del av den kjende konsertserien «MTV Unplugged», fortel Universal Music Norge.

– Tida fargar ofte innspelingar, så desse konsertane blir ein måte å oppdaga delar av låtkatalogen vår på på nytt, både for publikum og oss sjølve. Ein nedstrippa versjon av a-ha, der låtskrivinga forhåpentlegvis vil koma endå tydlegare fram. Vi gler oss veldig til å møta publikum på så nært hald, seier Magne Furuholmen.

På gjestelista finn vi namn som Ingrid Håvik (frå Highasakite) og britiske Alison Moyet.

Albumet blir sleppt 13. oktober 2017, og på nyåret 2018 følgjer pop-trioen opp med akustisk Europa-turné.