Facebook vil hjelpa partia i valkampen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er første gongen Facebook tek direkte kontakt med norske politikarar og inviterer dei til eit møte, fortel NRK.

– Det er i og for seg ikkje noko problem, men det er nokre sider som gjev grunn til ettertanke ved at ein så stor kommersiell aktør har så mykje å seia for kva vi ser, og korleis offentlegheita blir, seier generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.

Han meiner det blir eit problem dersom politisk kommunikasjon på Facebook tek over for kritiske, journalistiske spørsmål til dei folkevalde.

– Det vil du aldri få servert på Facebook, der vil det vera bodskapa slik dei er forma ut av politikarane og dei etter kvart ganske mangfaldige rådgjevarane deira. Veljarane vil då gå glipp av ein masse informasjon som ville kunna vera relevant for dei, seier han.

LES OGSÅ: Facebook-ministeren