Theresa May mistar fleirtalet, men held fram som statsminister med støtte frå nordirsk anti-abort-parti. Les meir i vår guide til valet i Storbritannia!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Me burde ha lært etter overraskande valsigrar for mellom anna Trump og Brexit dei siste åra. Utfallet av valet i Storbritannia i går kom likevel som ei stor overrasking på alt og alle, både av ekspertar og vanlege folk som følgjer med på meiningsmålingar.
I alt mylderet av forvirrande informasjon om valet er dette tolv ting du bør få med deg:
1. Dei konservative mistar fleirtalet
Statsminister Theresa May og hennar konservative parti var på førehand venta å vinna ein klar siger. I staden mistar dei 12 plassar i parlamentet, og står dermed utan fleirtal. Dette er eit sviande nederlag for May, som utlyste valet berre to år etter sist parlamentsval for å styrka sin forhandlingsposisjon overfor EU når Storbritannia no skal tre ut av unionen.
if you’re having a bad time lately just be grateful you didn’t accidentally give away your mandate by calling an election no one wanted
— Hannah Jewell (@hcjewell) 9. juni 2017
Paradoksalt nok skjer dette samstundes som at dei konservative gjer sitt beste val på over 30 år viss ein måler etter oppslutnad, med 42,4 prosent av røystene. Dette er eit resultat av det spesielle valsystemet i Storbritannia der det berre er den kandidaten som får flest røyster i sin valkrins som blir valt inn i parlamentet.
2. …men held fram ved makta
Trass i nederlaget er dei konservative framleis klart størst i parlamentet, og Theresa May i dag kunngjort at ho vil bli sitjande som statsminister med støtte frå det konservative nordirske partiet DUP.
Dette har vekt reaksjonar, ikkje berre fordi mange meiner at May har mista den demokratiske legitimiteten sin, men også fordi DUP mellom anna har stått i vegen for legalisering av abort og likekjønna ekteskap i Nord-Irland.
They have blocked a women’s right to bodily autonomy. You can’t have an abortion in Northern Ireland, thanks to the DUP.
— Stuart Gibson (@stuartgibson) 9. juni 2017
3. Venstresida går kraftig fram
Arbeidarpartiet (Labour) var for kort sidan nederlagsdømt, men slo alle forventingar og gjekk fram med nesten ti prosentpoeng oppslutnad og 29 nye plassar i parlamentet.
Sjølv med støtte frå andre sentrum-venstre-parti i parlamentet har dei likevel ikkje fleirtal, og slik det ser ut no har partileiar Jeremy Corbyn difor labre utsikter til å bli statsminister med det første. New Statesman melder likevel at Labour vil prøva å danna ei mindretalsregjering.
4. …med dei unge veljarane i ryggen
Som Framtida.no skreiv om i går, går det ein sterk generasjonskonflikt gjennom britisk politikk. Dei unge veljarane, under 25 år, har i overveldande grad flokka seg rundt Corbyn og Labour, medan May og Toryane står desidert sterkast blant dei over 65.
Ein del av suksessen for Labour kjem truleg av at fleire unge veljarar og tidlegare heimesitjarar denne gongen har brukt røysteretten sin. I The Guardian skriv kommentator Rhiannon Lucy Cosslett at «tatt styringa tilbake».
So happy to know that so many young people, aka the future, voted.
— Ellie Goulding (@elliegoulding) 9. juni 2017
5. Rekordhøg valdeltaking
Tala viser så langt ei valdeltaking på 68,7 prosent, det høgaste talet i eit britisk val sidan 1997. Dette er truleg også ei forklaring på at dei aller fleste meiningsmålingane har bomma på resultatet: dei kan rett og slett ha undervurdert kor mange av dei som har sagt at dei vil røysta på Corbyn som faktisk også har gjort det.
6. Rekordsmå marginar
Dei som trur det ikkje betyr noko kva ein røyster, må sjå nøyare på resultata frå gårsdagens val. I valkrinsen North East Fife i Skottland vann Stephen Gethins frå det skotske nasjonalistpartiet (SNP) med ei overvekt på berre to (2!) røyster. Viss berre éin person hadde ombestemt seg på veg inn i lokalvalet og røysta på motkandidaten frå det liberaldemokratiske partiet (Lib Dem) i staden, måtte valet ha blitt avgjort med myntkast.
Ifølgje The Sun er i alt fem kandidatar blitt valt med ein margin på mindre enn femti røyster.
Richmond Park: 45 vote majority
Dudley North: 22 vote majority
Fife North East: hold my beer pic.twitter.com/xvQuRIyTsd— Mike Deri Smith (@mikederismith) 9. juni 2017
7. Tap for skotske nasjonalistar
SNP gjekk elles på ein kraftig smell nord for Hadrians mur då dei mista heile 21 av dei 56 plassane dei hadde i underhuset. Partileiar og førsteminister i Skottland, Nicola Sturgeon, har i dag varsla at planane om ei ny folkerøysting om skotsk sjølvstende no blir utsette på ubestemt tid. Draumen om eit uavhengig Skottland synest difor å vera fjernare enn på lenge som følgje av gårsdagens val.
8. Liberal stillstand
Det liberaldemokratiske partiet (Lib Dem) gjekk tilbake til 7,4 prosent oppslutnad i valet, men gjekk fram frå 9 til 12 plassar i parlamentet. Partiet har tradisjonelt vore det tredje største i Storbritannia, men gjekk kraftig tilbake ved valet i 2015 etter fem år i koalisjonsregjering med dei konservative.
Tidlegare partileiar og visestatsminister Nick Clegg, som blei svært upopulær etter å ha brote lovnaden sin om å fjerna studieavgiftene ved britiske universitet, rauk i natt ut av parlamentet. Noverande Lib Dem-leiar Tim Farron slo derimot denne fiskepinnen (ja, britisk politikk er rart) og fekk fornya tillit:
UK Liberal Democrat leader Tim Farron may have narrowly held his seat but he was upstaged by a fish finger #GE2017 https://t.co/IbTc7BF8qx pic.twitter.com/0DxUO41F42
— CNN (@CNN) 9. juni 2017
9. Inga grøn bølgje
Det grøne partiet blei meir enn halvert og fekk berre 1,6 prosent av røystene i valet. Talsperson Caroline Lucas fekk likevel fornya tillit som den einaste representanten for partiet i underhuset.
10. Høgrepopulistane er så godt som utrydda
Valet gjekk aller verst ut over det EU- og innvandringskritiske UKIP, som gjekk tilbake frå 11,6 til 1,8 prosent av røystene og mista den eine plassen dei hadde i parlamentet. I dei nylege lokalvala blei dei også nær sagt utradert, og mange trur at partiet no kan bli oppløyst.
11. Ingen veit kva som skjer med Brexit
Dei formelle forhandlingane om Brexit mellom Storbritannia og EU skal etter planen starta opp om berre ti dagar. Med valet i går skulle Theresa May sikra seg større styrke i desse forhandlingane, men slik gjekk det altså ikkje. Det er uklart kor mykje makt det nye samarbeidspartiet DUP kjem til å få, og kva dei kjem til å krevja i Brexit-forhandlingane. Om May må gå av, er det enno meir usikkert kva som skjer vidare.
Paal Frisvold, EU-ekspert og tidlegare leiar i Europabevegelsen, seier til Nettavisen at den nye politiske situasjonen gjer det meir sannsynleg at Storbritannia endar opp i ein liknande posisjon som Noreg, med ein EØS-modell.
12. Parlamentet blir meir mangfaldig
Det britiske parlamentet har blitt kritisert for å vera svært lite representativt for folkesetnaden. Det har betra seg lite grann i dette valet. For første gong har det blitt valt inn over 200 kvinner, nærare bestemt 207, melder The Guardian.
Etter valet har 52 av dei 650 representantane i underhuset (House of Commons) etnisk minoritetsbakgrunn; det er ny rekord, melder organisasjonen British Future. 32 av desse er Labour-representantar.
To av representantane er personar med funksjonshemmingar: Marsha de Cordova, som er blind, og Jared O’Mara, som har cerebral parese. Begge representerer Labour, melder The Telegraph.
I am immensely honoured that the people of Battersea elected me as their MP. I will work for a better future for all my constituents.
— Marsha de Cordova (@Marshadecordova) 9. juni 2017
13. Valkampen betyr noko
«Valkamp betyr ingenting», skreiv James Kirkup i The Spectator 4. mai i år. Dette er ei gjengs oppfatning blant politiske forståsegpåarar: Kva politikarane seier og gjer i valkampen påverkar valresultatet i svært liten grad.
Ein dryg månad seinare ser me at det ikkje nødvendigvis er slik. Då Theresa May kunngjorde valet 18. april, hadde partiet hennar eit forsprang på over 20 prosent på fleirtalet av meiningsmålingane. Etterpå har Corbyn gjort ein svært god valkamp medan May har snubla, og Labour tok att nesten heile forspranget til dei konservative.
Dette er ein lærdom å ta med seg til det norske stortingsvalet i september: meiningsmålingar og statistikk gir aldri nokon fasit på korleis folk til slutt vel å røysta.