Norske barn får valdsalarm

Talet på valdsalarmar aukar, og i fjor delte politiet ut mobile valdsalarmar 1.162 gonger. 13 gonger vart dei gitt til barn under 16 år.

Framtida
Publisert
Oppdatert 13.06.2017 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala kjem frå ein oversikt NRK har sett saman. Per i dag er elleve barn utstyrt med valdsalarm. Det synest barneombod Anne Lindboe er ei fallitterklæring, sjølv om målet er å skape ein tryggare kvardag for dei som lever med truslar om vald, overgrep og drap.

– Det er ein falsk tryggleik, for dersom valdsutøvaren står rett framfor deg, så rekk du kanskje å trykkje på knappen, men politiet rekk ikkje å komme til deg før valdsutøvaren kan ha kidnappa deg eller utsett deg for vald, seier Lindboe. Ho meiner belastninga heller bør leggjast på valdsutøvaren.

– Bruken av omvendt valdsalarm må gjerast meir kjent rundt om i politidistrikta, seier Lene Vågslid (Ap), som sit i Stortingets justiskomité. Ho er oppgitt over at det har tatt lang tid frå Stortinget for to år sidan bad om ei evaluering av ordninga med besøksforbod og bruken av omvendt valdsalarm.

– Hadde justisministeren og regjeringa meint at dette var veldig viktig, så hadde dei sett i gang den evalueringa i mai for to år sidan, seier ho.

Justisminister Per-Willy Amundsen seier at han ikkje er fornøgd med resultata og har ein ambisjon om å «endre dette dramatisk». Han vil gjere omvendt valdsalarm til ein hovudregel.

LES OGSÅ: Mange valdsoffer slit med skuld og skam