Sju av ti nordmenn er ikkje bekymra for å reise etter terrorhandlingar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sju av ti er ikkje bekymra for å reise etter terrorhendingar

Sju av ti nordmenn lar seg ikkje påverke av terrorhandlingane den siste tida, og vel same reisemål som før. Dette kjem fram i ei undersøking utført av Ipsos for skadeforsikringsselskapet Gjensidige.

I den same undersøkinga oppgir 1 av 4 at dei i svært eller ganske stor grad vel andre reisemål enn tidlegare, som følgje av terrorhendingar. Det er likevel berre 16 prosent som oppgir at dei i svært eller ganske stor grad er bekymra for å reise. 8 prosent oppgir at dei reiser sjeldnare enn før som følgje av terror.

LES OGSÅ: Når terroren råkar – igjen og igjen

Undersøkinga viser at bekymringa for terror er størst blant rogalendingane, medan respondentane i Oslo oppgir at dei i liten grad er påverka av terrorhendingane.

– Dette viser at dei fleste nordmenn ikkje lar terror påverke reiseplanar, seier kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige.

4.300 personar har svart på spørjeundersøkinga, som er utført mellom 14. april og 17. mai i år. Dette er før terrorangrepa i Manchester og London.

LES OGSÅ: – Det er det feigaste av alt, seier Eirin (14) og Jan Morten (37) etter Manchester-terroren

Rysstad viser likevel til at Gjensidige berre har fått fem-seks meldingar etter den siste terroraksjonen i London, i hovudsak frå kundar som vil avbestille reise.

– At få brukar moglegheita til å få dekt avbestilling, stadfestar også inntrykket av at folk i hovudsak reiser som før, seier han.

LES OGSÅ: – Trass frykta og nyt festivalsommaren, seier Erna Solberg