«Takk, Udir. No veit eg at du ikkje er til å stole på.»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I Noreg har me to jamstilte skriftspråk: nynorsk og bokmål. Dette er lovfesta i Mållova §1. Likevel opplev me at nynorsken vert nedprioritert og diskriminert over alt. Dette er røynda me lever med. Det vert arrangert bokbrenning av nynorske ordbøker, og hjartespråket mitt vert referert til som «spynorsk».

På trass av at nynorsk er under konstant press, har det likevel vore stadar eg har følt at mitt hjartespråk har vore sidestilt med bokmål. Ein av desse stadane har vore skulen, men etter årets eksamensperiode er dette ikkje lenger tilfelle.

Enorme forskjellar
Eg har aldri vore meir skuffa over Utdanningsdirektoratet (Udir) enn det eg er no. Eg har pugga, lest og stressa meg halvt i hel for å bestå eksamen og komme meg vidare i utdanninga mi. Men kva er det som møter meg? Jo, opptil fleire eksamenar der det er enorme forskjellar mellom oppgåvene på nynorsk og bokmål.

For meg var det eksamen i hovudmål.

Eg hadde valt meg oppgåve 4; den mykje omtalte SKAM-oppgåva. Det var allereie kome fleire hundre ord ned på papiret då me fekk beskjed om at det var gjort ein feil. SKAM-oppgåva var nemleg heilt forskjelleg om du las den på nynorsk enn om du las den på bokmål.

Forskjellane vart så store for meg, at eg vart redd for om sensor kom til å tru at eg hadde bomma totalt på oppgåva, sjølv om eg berre hadde lese den på mitt språk. Frykta for å stryke vart så stor at eg enda opp med å endre til ei oppgåve der eg, ironisk nok, skreiv om språket som ein del av vår identitet. Heldigvis fekk eg god nok tid til å gjere meg ferdig med oppgåva, men det kunne ha gått skikkeleg gale.

LES OGSÅ: «Skam» og flyktningkrise på norskeksamen

Rolle og moglegheiter
For andre var det eksamen i politikk og menneskerettar.

Ei veke etter at eg sjølv opplevde store forskjellar på ein eksamen som i utgangspunktet skal vere lik for alle, datt det inn meldingar frå vener som hadde hatt eksamen i politikk og menneskerettar. Også her vart det oppdaga ein feil, men ikkje av skulesystemet.

Det var elevane som skreiv nynorsk som ved eit uhell oppdaga at oppgåveteksten var forskjellig etter kva målform du las på. Dette var ikkje ei lita og pinleg skrivefeil, men ein enorm feil i sjølve oppgåva. Udir hadde nemleg gløymt å skrive «rolle og moglegheiter» i den nynorske versjonen, som var ein stor del av oppgåva der ein skulle definere og drøfte forskjellege aktørar ut i frå nettopp desse to tinga.

LES OGSÅ: Ho skreiv Aasen-talen som vart eksamensoppgåve

Oser av sinne
Denne feilen vart ikkje oppdaga før det berre var ein time igjen av eksamen. Då ein elev gjorde eksamensvakta klar over det, fekk ho til svar at «du kan jo bare lese bokmål da. Det er ikke så vanskelig vel?»

Eksamensvakta har heilt rett. Det er ikkje vanskeleg, men det skal ikkje vere naudsynt i det heile tatt. Elevar skal kunne stole på at uansett kva målform dei nyttar, skal dei kunne ta eksamen på same premiss som alle andre. For kva er poenget med å ta eksamen seriøst om ikkje ein gong Udir gidd å sjekke at dei har laga oppgåvene rett?

Eg oser av sinne når eg tenkjer på at elevar som skriv nynorsk moglegvis stryk på same eksamen som Udir vert skrytte opp i himmelen for å ha laga, med ei oppgåve som inkluderte det hippe og kule SKAM.

Ikkje viktige nok
Eg har lært mykje nytt gjennom denne eksamensperioden, men det som vert sitjande hardast fast er at eg har lært meg å ikkje stole på Udir når det kjem til å jamstille norske elevar. Elevar som nyttar nynorsk er tydelegvis ikkje viktige nok til ein dobbelsjekk av oppgåvene før dei vert sendt ut.

Takk, Udir. No veit eg at du ikkje er til å stole på.

LES OGSÅ: Dei skreiv Noregs beste norskeksamen i 2016