Trump-kritikken til Erna Solberg er «hyklersk», meiner miljøorganisasjonen.

mm

– Det blir hyklersk av Erna å kritisera Trump når ho sjølv ikkje har klart å kutta norske klimagassutslepp, tillèt klimafornektarar i regjeringa si, og på toppen av dette har opna nokre av verdas mest viktigaste og sårbare havområde for oljeverksemd, seier Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær i ei pressemelding.

Statsminister Erna Solberg kritiserte i dag tidleg avgjerda til Donald Trump om å trekkja USA ut av Paris-avtalen, og lova at Noreg skal halda fram klimaarbeidet i samarbeid med EU og FN:

Natur og Ungdom er ikkje imponert av statsministeren, og meiner Noreg må feia for eiga dør.

– Me kan ikkje sitja på hendene og venta på at eit anna land bestemmer seg for å leika frelsar. Ansvaret for å stansa klimaendringane kviler på skuldrene til alle verdas land; dette inkluderer også Norge, seier Skjoldvær.

LES OGSÅ: Berre litt mindre klimautslepp i fjor

Ho peikar på at norsk eksport av olje og gass bidrar til utslepp av nesten 500 millionar tonn CO2 kvart år, og argumenterer for at det viktigaste klimabidraget Noreg kan leggja på bordet er å fasa ut oljenæringa.

Noreg er kanskje eit lite land, men me står ansvarlege for enorme klimagassutslepp. Det første steget for Erna er å la oljen i Arktis, samt utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, bli liggjande, sluttar Skjoldvær.

LES OGSÅ: Slik svarar Frankrike på at USA vil trekkja seg frå Paris-avtalen


Oppdatert: måndag 5. juni 2017 12.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE