Dei har bakt kaker til inntekt for skule i Sør-Afrika

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sel kaker til inntekt for skule i Afrika

Saka var først publisert i Porten.

– Me kjem til å selja kaker og kaffi utanfor Gamleskulen frå klokka 12 til klokka 18 torsdag. Inntektene går til Afrikaprosjektet me held på med, seier Bjarte Opheim 1. klasse studiespesialiserande ved Årdal vidaregåande skule.

Skulen har i lengre tid hatt gåande eit prosjekt for å hjelpa born i Afrika; konkret går pengane frå kake- og kaffisalet til Enyezane barneskule i Eshowe i Sør-Afrika.

– Pengane skal bidra til å betra sanitærtilhøva på skulen. Dei har nyleg fått installert ein ny brønn der, seier Opheim.

Bidrar også under Fjord til fjell
På utsalet får folk høve til å kjøpa brownies, skulebollar, sjokoladekake, muffins, gulrotkake, kaffi, og vaflar.

– Har de bakt kakene sjølve?

– Me har bakt sjølve heime, med litt hjelp frå foreldra, seier Opheim.

– Kor mykje håpar de å få inn?

– Me har ikkje sett oss noko mål, så me håpar berre me får inn mest mogleg, seier klassekamerat Sture Hovland.

– Så me håpar så mange som mogleg kjem og kjøper kaker og kaffi av oss, legg Opheim til.

Og elevane i 1. klasse studiespesialiserande har fleire tiltak på gang for å gje bistand skulen i Sør-Afrika.

–  Me skal også hjelpa til på Fjord til fjell denne helga, for å få inn pengar til Afrikaprosjektet, fortel Opheim.

LES OGSÅ: Eit farleg land å vere kvinne i