Forskarar overraska over reven

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit svensk-norsk raudrevprosjekt som blir drive i samarbeid mellom Høgskolen i Innlandet og Sveriges Lantbruksuniversitet, har overraska forskarane.

– Ein av revane vi merka med GPS-sendar bevega seg ei stund så langt og raskt nordover i Sverige at vi mistenkte at den var påkøyrt og slengt i bagasjerommet på ein bil. Det fortel professor Thomas Willebrand frå Høgskolen i Innlandet til Nationen.

– Vi er forbløffa over kor langt og raskt raudreven streifar. Vi har døme på at ei revetispe vi fanga og merka utanfor Norrköping i mars 2016 la bak seg over 480 kilometer målt i luftlinje i løpet av cirka 60 dagar, fortel Willebrand.

LES OGSÅ: Sondre (15) blei biten til blods av skoten rev

Den overraskande store mobiliteten til reven kan også gi grunn til meir alvorleg bekymring, meiner reveforskarane.

– Forskinga gir oss eit nytt innblikk i reven sitt potensial som spreiar av uønskte parasittar og sjukdommar. Blant anna ser vi av datamaterialet vårt at fleire revar har vandra gjennom område i Sverige der det er påvist dvergbendelorm, seier Willebrand.

Dvergbendelorm er ein parasitt som først og fremst lever i raudrev. Den er ufarleg for hundar, kattar og andre rovdyr, men kan forårsake livstruande sjukdom hos menneske.

LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier!