Pengane rekk mellom anna til øvingsrom for 70 band i Stavanger.

NPK-NTB
NPK-NTB

I alt er 15 millionar kroner delt ut til 57 aktørar innan musikklivet. Og to tredelar går til nye øvingsrom for håpefulle band og musikantar.

– Kultur må finne stad – bokstaveleg talt. Tilgang til gode lokale over heile landet er heilt grunnleggjande nødvendig for å gi barn, unge, og vaksne moglegheita til å spele musikk, seier Rhiannon Hovden Edwards, dagleg leiar i Musikkutstyrsordningen.

Den nasjonale tilskotsordninga for akustikk, teknisk utstyr og lokale har delt ut 15 millionar kroner i første tildelingsrunde av året. Det gjer at det vil bli utbetra, bygd eller utstyrt heile 70 øvingsrom, ifølgje Hovden Edwards.

Den største enkelttildelinga på 4,7 millionar kroner gjekk til Tou Scene i Stavanger, som får tilskot til bygging av 18 øvingsrom og eit ensemblerom, noko som gir øvingsmoglegheiter for 70 band.

Men det kom også 1,7 millionar kroner til unge musikkinteresserte i Aurskog-Høland, der det skal byggjast 7 nye øvingsrom på Bjørkelangen, og ein halv million kroner til Puls Musikkverksted i Ballangen kommune, som også skal bruke dei på øvingsrom.

I Oslo var det AKKS, som jobbar for å få fleire kvinner i musikklivet, som stakk av med ein stor pott – på 1,7 millionar kroner. Dei skal utbetre lokala sine, så «høglydte rockeband og lågmælte visesongarar, kan øve vegg i vegg og likevel ha gode lydforhold», heiter det i pressemeldinga.

Vidare fekk 33 scener rundt om i landet tilskot av Musikkutstyrsordningen til framføringsutstyr eller til akustiske tiltak i scenelokale, med ei samla tilskotsramme på 3,7 millionar kroner.

Les også intervjuet med Razika: – Me har framleis ein lang veg å gå


Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE