– Det er utruleg stor stas, seier norsklæraren.

Anders Totland, Sunnhordland
Anders Totland, Sunnhordland

Saka vart først publisert i Sunnhordland

Då eksamensoppgåvene i norsk hovudmål blei delt ut onsdag morgon, var det mange på Kirkenes vidaregåande skule som sperra opp augo. På litteraturlista – midt mellom Henrik Ibsen og Rolf Jakobsen – stod nemleg eit kjent namn for dei fleste på skulen.

– Det er jo einkvar norsklærar sin store draum å stå på kjeldelista mellom Ibsen og Jakobsen. Det er utruleg stor stas, seier Thea Idsøe.

Festtale
Norsklæraren frå Stord, som i fjor flytta til Finnmark, har tidlegare vore praktikant hos Nynorsk Avissenter i Førde, og har også vore innom Sunnhordland-redaksjonen.

Då det offisielle Språkåret 2013 blei avslutta med eit stort arrangement på Ivar Aasen-tunet i Ørsta 6. desember, heldt Idsøe ein engasjert tale, der ho takka Ivar Aasen for nynorsken.

Teksten blei også publisert på nett, og det var denne teksten elevane på vidaregåande skulle ta føre seg på onsdag.

Overraska
Sjølv var ikkje Idsøe klar over at ho var blitt eksamensstoff før dagen var der.

– Eg hadde ikkje peiling, og fekk litt sjokk då eg såg eksamensoppgåvene sjølv på onsdag. Eg visste ingenting, og var ikkje førebudd på dette, seier Idsøe.

Hennar eigne norskelevar går i andreklasse, og var difor ikkje blant elevane som skulle opp i eksamen no.

– Heldigvis, seier Idsøe.

– Kvifor er det heldigvis?

– Eg trur kanskje dei hadde blitt litt forvirra om dei skulle analysera ein tekst som læraren deira hadde skrive. Samstundes hadde dei nok takla det òg heilt fint, seier Idsøe.

Snikinnføring
Fire år seinare er ho framleis like engasjert i kampen for språket.

– Eg brenn veldig for at me har to sidestilte skriftspråk innanfor norsken. No jobbar eg i Finnmark, der nynorsk ikkje er like utbreidd. Men eg prøver å snikinnføra han så godt eg kan, seier Idsøe.

– Lukkast du med det?

– Njææ … Eg forstår at det er veldig vanskeleg for elevar som ser nynorsk lite elles i samfunnet, og skal bruka skriftspråket. Men dei har sidemål her òg, og eg prøver så godt eg kan, seier Idsøe.

For sjølv om elevane har rett på bokmålsbøker i undervisinga, er det framleis lærarane som har kontroll på tavla.

– Dei skal jo uansett eksponerast for begge målformene. Så sånn er det, seier Idsøe.

LES OGSÅ: «Skam» og flyktningkrise på norskeksamen


Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE