Solberg: – Trass frykta og nyt festivalsommaren
– Vi skal tørre å gå på konsertar og festivalar og glede oss denne sommaren også, seier statsminister Erna Solberg (H).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi bør tørre å gå på konsertar
PSTs vurdering er at terrorfaren ikkje er auka i Noreg etter det som skjedde i Storbritannia, påpeikte ho då ho møtte pressa for å kommentere angrepet i Manchester.
– Dei følgjer nøye med på alt som kjem ut av etterforskinga og sørgjer for å oppdatere vurderingane, seier ho.
Ho viser til at ho sjølv har vore på mange store konsertar som den som vart ramma tysdag, saman med barna. Det vil ho fortsette med.
– Eg har ikkje opplevd at eg har følt frykt for å vere på det. Det er god kontroll inn i Noreg. Den største innsatsen vi har er etterretningsarbeidet og det førebyggjande arbeidet mot ekstremisme, seier ho.
Ta kontakt med lokalpoliti
Ho oppfordrar alle arrangørar av konsertar og andre store arrangement til å ta kontakt med sitt lokale politi, som veit kva tilrådingar som gjeld.
Dersom det er IS som står bak, meiner Solberg angrepet i mindre grad er meint å påverke valet, men heller handlar om det som skjer i Midtausten.
– Dei taper terreng og attraktivitet. Dei rekrutterer færre, dermed oppfordrar dei fleire til å delta. Men eg tar atterhald om at det kan vise seg at det er andre som står bak.
Menneskerettar
Solberg viste også til angrepet i Manchester då ho tysdag morgon opna Oslo Freedom Forum.
– Det er viktig å sjå på kva slags krefter som skaper ekstremisme og kva som kan stoppe det, sa Solberg.
Ho meiner mangel på menneskerettar er ein viktig drivkraft for ekstremisme.
– Demokrati og respekt for menneskerettar er avgjerande for å sikre fred og stabilitet, både innanfor statar og mellom dei, sa ho.