Dei Grøne: 200.000 oljejobbar må erstattast
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Miljøpartiet Dei Grøne ber Ap og Høgre bli med på å skapa 10.000 nye grøne arbeidsplassar kvart år framover.
– Vi utfordrar difor her og no Erna og Jonas til å skapa 10.000 nye, grøne arbeidsplassar saman med oss kvart einaste år dei neste 20 åra. Vi må starta no, sa den nasjonale talspersonen for Dei Grøne Une Bastholm i landsmøtetalen sin fredag.
– Men er det mogleg? Er ikkje det frykteleg urealistisk? Er det ikkje veldig uansvarleg? Vi har ikkje noko val: 200.000 oljeavhengige arbeidsplassar må erstattast, sa ho.
Bastholm lista opp potensial for titusenvis av nye arbeidsplassar i matproduksjon og skog, skipsfart og fiske og energieffektivisering av alle norske bygg.
Siktar mot 5 prosent
Målet til Miljøpartiet Dei Grøne er å få støtte frå 5 prosent av veljarane i stortingsvalet til hausten, ifølgje nasjonal talsperson Une Bastholm.
I helga har partiet landsmøte på Lillehammer.
– Vårt mål er at neste regjering skal vere avhengig av støtta til Miljøpartiet Dei Grøne for å kunne regjere. Det fekk vi til i Oslo. Vi viste i Oslo at vi også kan flytte store parti som Ap, legg ho til.
Ifølgje Bastholm opnar Dei Grøne for samarbeid med alle parti med unntak av Framstegspartiet.
Une Bastholm er Dei Grønns nasjonale talsperson saman med stortingsrepresentant Rasmus Hansson. Bastholm er også førstekandidat for partiet i Oslo.
(©NPK)