Kvinner har ikkje ansvar for å bere fram «idelle» borgarar

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Har ikkje ansvar for å bere fram «idelle»

Livmora mi, fosterets verdi, og samfunnets beste: Eller ubehaget som oppstår på krossvegen mellom ein utilitaristisk etikk og kvinners reproduktive fridom.

Før eg legger meg, ser eg «The Handmaid’s tale» og tenkjer på kvinnene, reproduksjon og nasjon. Om natta drøymer eg at eg har tvillingar. Eg les Morgenbladet til frukost, drikk kaffi, les dei siste utspela i diskusjonen om abort, downs og fullverdige liv, sette i gang av Aksel Braanen Sterri.

Å lese folk i verste meining
I Morgenbladet denne veka freistar han nok ein gang å oppklare kva han meiner og ikkje meiner. Etter å ha lese fleire av tekstene Sterri har publisert på ulike plattformar, har eg kome fram til at ein i beste fall kan lese han som ein forsvarar av kvinnas rett til kunnskap om fosteret ho ber på, og høvet til å ta val basert på denne kunnskapen.

Eg er ikkje eigentleg interessert i å lese folk i verste meining. Debatten omkring utspela til Sterri har vakt sterke reaksjonar, så sterke, at nokre har omtalt det som ein "heksejakt". Eg er ei av dei som kjenner på eit sterk ubehag når eg les tekstene hans – også i oppklaringa han skriv i det siste nummeret av Morgenbladet.

Det eg opplever som eit av dei gjennomgåande problematiske aspekta ved denne debatten, som ikkje har blitt kommentert, syner seg nett når kvinners rett til å ta avgjersler om eigen kropp, altså deira fridom som individ, blir sett i konteksta av ein utilitaristisk etikk.

Etikk og livmor
Det kan vere passande å nemne at eg ikkje på generel basis er motstandar av å tenkje utilitaristisk, eg har vore vegetarianar i ti år og syns det er rimeleg og attråverdi at ein skal tenkje over det beste for verda og verdas artar når ein tar avgjersler av kva mat ein skal ete, ting ein skal forbruke eller måtar ein skal leve på. Men når ein slik etikk skal styre kva ein gjer med fostre i eiga livmor, så steilar eg.

Det er eit av spørsmåla i denne debatten. I oppklaringa i denne vekas Morgenbladet skriv Sterri mellom anna om forholdet mellom kvinners fridom til å bestemme sjølve over eigen kropp, og måten denne fridomen kan verte avgrensa opp mot ideen om samfunnets "beste".

"Om vi hadde levd i et svært kvinnefiendtlig samfunn, hvor mange tok abort om de fikk vite at de kom til å få en jente, hadde vi hatt en tungtveiende grunn for å hindre kvinner i å få tilgang til informasjon om fosterets kjønn. Ellers kunne vi risikert å skape alvorlig kjønnsubalanse, som ikke gagner samfunnet," skriv Sterri.

For Sterri ville altså eit patriarkalsk, kvinnefiendtleg samfunn vere ein "tungtveiende grunn" til å nekte kvinner å få kjenne kjønnet på fosteret dei ber. I staden for at det blir eit kollektivt ansvar å endre på kvinnefiendtlege haldningar og samfunnsstrukturar, så blir det altså kvinners fridom som må bli innskrenka.

Middel for fellesskapet
Eg forstår Sterri som ein sterk forkjempar for kvinnas rett til abort, og eg er sympatisk innstilt til tiltak for å stoppe selektiv abort av jenter – likevel fyller dømet hans meg med eit enormt ubehag.

Ein kjem ikkje forbi at kvinnekroppen er politisk, og at retten til abort er politisk – og at spørsmålet om bere fram eller ikkje bere fram eit foster også ofte er eit politisk spørsmål: Ikkje minst når dette barnet kanskje er berar av eigenskapar som gjer at det vil vakse opp i eit samfunn der det kan bli diskriminert, møte motstand, ikkje bli rekna som eit fullverdig menneske.

Men kvinner skal ikkje bere eit ansvar for å bere fram "ideelle" borgarar. Eit slikt omsyn for "nasjonens beste" når det kjem til spørsmålet om å bere eller å ikkje bere fram eit foster, risikerer å redusere kvinna til eit middel for fellesskapet.

"Det er et samfunnsproblem dersom det fødes for få kvinner," skriv Sterri, før han held fram:

"Det er imidlertid ikke et samfunnsproblem dersom det ikke fødes mennesker med Downs syndrom. Snarere har kvinner god grunn til å ta abort om de får vite at barnet kommer til å bli født med Downs syndrom. Dette kan høres sjokkerende ut, men bør ikke være det. Ingen kritiserer en kvinne for å ta abort om det ikke passer for henne å få barn. Hvorfor skal vi kritisere henne for å ta abort om hun får vite at barnet kommer til å bli psykisk utviklingshemmet?"

Kritisk til retorikken
Eg vil ikkje kritisere kvinner for å ta abort – korkje om det er eit friskt foster eller om det er eit sjukt foster, om det er eit foster som har ein tvilling eller eit foster som ligger åleine i magen. Eg vil heller ikkje seie at nokre grunnar er betre enn andre. For innanfor rammene av dei lovene kvinnerørsla har kjempa fram, så skal det vere kvinnas val, og alle grunner skal vere like gode.

Det betyr ikkje at det ikkje går an å vere kritisk til ein retorikk der kvinna får ansvaret for å tenkje inn «samfunnets» beste når ho skal ta valet om å ta abort. Ein retorikk der nokre fostre er meir verd å verne enn andre. Der det er betre for samfunnet at nokre fostre blir fødd, enn andre fostre.

Eg forstår godt at mange vil velje å ta abort, anten fosteret er frisk eller sjuk, har funksjonsvariasjonar eller er «vanleg», fordi ho ikkje kan tenkje seg å ha barn, fordi ho ikkje har pengar til det, helse til det, støtte til det, eller kva som skulle vere grunna.

Barna som samfunnet vil ha
Det eg er redd for, det som uroar meg, er ein diskurs der kvinners reproduktive rettar og rett til å ta avgjersle over eigen kropp, blir underlagt ein instrumentalistisk logikk. Der kvinner får ansvaret for å føde dei barna "samfunnet" vil ha.

Vi må lage eit samfunn som er det beste for dei barna som blir født – ikkje føde dei barna som "vi" meiner passar best inn i det samfunnet vi har i dag.

Innlegget vart først publisert på Iversen sin Facebook-profil. 

 

LES OGSÅ: I januar svarte Iversen på Trude Mostue si rasing over den "helvetes nynorsken".