Velkommen til 30-åra

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I starten verkar alt så enkelt. Du er ferdig på vidaregåande, og verda ligg framfor deg. Åå, så bra det skal bli å flytte heimanfrå!

Når du vert vaksen kan du bli akkurat det du vil.

Så feil kan ein ta. For blant alle dei attraktive alternativa (som i skulekatalogen skulle indikere stor valfridom) er det ingenting som er det rette.

Når alt er spennande, men ingenting freistar meir enn noko anna, kva gjer ein då? Jo, ein chillar med eit friår.

Kva kan du eigentleg bidra med?
Lenge før du er tilbake frå exphil på Bali vil folk vite kva du skal bli. Har dei ikkje skjønt at grunnen til at du ikkje har byrja å studere er fordi du ikkje veit om du vil lese kjemi, filosofi eller historia om ein tidlegare koloni?

Restetorget neste. Kjære universitet, har du plass til meg?

Dei har som oftast det, og det ordnar seg også for dei som bommar på første forsøk. Repetisjon av fadderveka gir deg ein ekstra sjanse til å plukke opp gode tips på veg til å bli ein skikkeleg vaksen, ein såkalla verdiskapande samfunnsborgar.

Arbeidslivet verkar likevel langt unna, for kva kan du eigentleg bidra med på ein seriøs arbeidsplass? Stå opp klokka 7 kvar dag? Det får då vere grenser!

Love is in the air
Ifølgje femårsplanen, den du laga ein laurdagskveld med glitterpennane i sølv, gull og lilla, bør du ha hatt minst éin betre (evt. likestilt) halvdel før du når midtvegs i tjueåra.

Disclaimer: Underteikna gifta seg som 23-åring, så tips til korleis handtere singellivet som vaksen får du spørje dei andre i redaksjonen om.

Alt er lov når du er ung, men det hindrar deg likevel ikkje frå å lure på om du kan kysse både prinsen og prinsessa, og om digitale forelskingar er like sanne som eit tilfeldig møte på ein fest.

Kan nokon informere om kva vaksne folk skal seie til kvarandre når ein har sex?

LES OGSÅ: 10 Tinder-dates – og kva eg lærte av dei

Barnefri
Når slutten på tjueåra er innan rekkevidde får du spørsmål om det ikkje er på tide å slå seg ned snart. Biologisk klokke og så vidare. Tikk–fuckings–takk.

Saman med din likestilte halvdel må du no vurdere om de vil ha karriere før barn, barn før karriere, eller begge delar for begge partar samtidig.

Alternativt kan du bli barnefri (som er noko heilt anna enn barnlaus) og sove lenge kvar einaste helg, med ein katt på kvar side, heilt til du blir pensjonist og står opp med sola for å snakke til dei første fuglane på balkongen.

PS: Om du ventar for lenge med å slå deg til ro er det jo også ein fare for at du har blitt litt for sær til at nokon orkar å bu saman med deg. Just sayin’.

Kven er du?
Tida skal også strekke til hobbyar, trening og vener, og her oppstår det vanskelege dilemmaet: Vil du bli han som har sin beste ven som treningskamerat, han du ser kvar dag, først på lesesalen, så til felles innsats på tredemølla, deretter til Grandis side om side i sofaen før eit impromptu Nintendo-maraton?

Eller vil du bli ho som kvar veke har tid til både kollokviejentene og barneskulegjengen, ho som kokar vegansk gryte til alle dei åtte i middagsklubben med fellesvenene til kjærasten, og som attpåtil har tid til å vere førstefløytist i musikkorpset, stille opp frivillig som leksehjelp kvar tysdagskveld og stå på bydelslista til dei grøne?

No er det også på tide å finne ut kva du eigentleg synest om alkohol. Vil du bli ein som drikk øl (punktum), eller ein som bryggjar IPAen sin sjølv, med heimelaga word-art-etikett med motiv frå heimbygda di på, og som arrangerer smakefest for heile bachelorkullet?

Den andre sida
Er det forresten greitt å knabbe nokon andre sine vener ved å bli ven med dei på Facebook og så treffast utan den felles bekjente?

Og har ein snart vaksen person midt i 20-åra lov til å gå heim frå fest ein fredag klokka 11 fordi du har lyst til å vere opplagd når du står opp klokka 8.30 på ein laurdag heilt frivillig?

Ja, det heiter ghosting og er heilt innafor.

Det vert betre på den andre sida. Vi har kjeks!

Velkommen til 30-åra.

 

LES OGSÅ: Ode til ein kontorjobb