Ode til ein kontorjobb

Debatt
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I saka «Bakar med flagget på brystet» seier konditor Vilde Nistad Strandos følgjande: «Eg kunne aldri hatt ein jobb der ein sit på eit kontor. Dette (altså jobben som konditor) er fleksibelt og kreativt. Akkurat slik eg likar.»

Ein kan nesten begynne å lure på om Vilde hatt for mykje pepar i deigen?

Sjølv konditorar må vel sitje på kontor i blant. Ingrediensar bestiller ikkje seg sjølv, og rekningar må betalast, så det er vel ikkje kontorsitting dette eigentleg handlar om?

Berre ein byråkrat
Når folk spør meg kva eg jobbar som, veit eg aldri heilt kva eg skal svare. Det er uansett svært få som forstår det når eg prøver å utdjupe. Sånn sett er det enklare å vere konditor eller lærar. Men eg er altså ein av desse byråkratane, ein av dei med kontorjobb.

Svært mange sit på kontor, og dei fleste av oss har svært ulike jobbar. Nokre sit bak datamaskina det meste av dagen, medan andre vekslar mellom tid på kontoret og meir praktiske oppgåver ute i det fri.

Sjølv har eg jobba som kommunikasjonsrådgivar i staten, og no som fagkonsulent i norsk hjå Norsk språktest. To heilt ulike jobbar, men som begge har det til felles at eg har oppheldt meg mykje på eit kontor. Og det er slett ikkje å forakte.

Fridom og variasjon
Mange meiner at ein av dei store fordelane med kontorjobb er fridomen til å disponere tida og oppgåvene dine på eiga hand. Andre meiner sjølvsagt det stikk motsette; at det å disponere si eiga tid gir alt anna enn fridom.

For meg er det å kunne jobbe meir i periodar, for deretter å kunne ta meg fri ved eit seinare høve, ein stor fordel. Så lenge eg er ferdig når eg skal, er det også som regel opp til meg sjølv når, korleis og kvar eg utfører arbeidsoppgåvene.

Som såkalla kontorarbeidar varierer kvardagen min frå konsentrasjonsarbeid på eiga hand, til fellesmøter med kollegaer, møter med brukarar og sjølvsagt ein del «kjedelege rutineoppgåver».

Variasjon er viktig, også for byråkratar.

I tillegg får vi utfordra kreativiteten vår gjennom arbeid med til dømes tekst og prosjekt, og gjennom å finne lure løysingar på små og store utfordringar, både i fellesskap og kvar for oss.

Eit lærarliv
Eg studerte nordisk språk og litteratur, men var ein av dei få som ikkje begynte å jobbe som lærar etter at eg var ferdig med masteren. Sjølv om eg er overtydd om at jobben som lærar kan vere givande, har vi som lét vere også nokre fordelar.

Ingen av lærarvenene mine har fleksitid, overtidsbetaling, eller høve til å ta seg fri utanom skuleferiane. Eg har også inntrykk av at eg ofte har meir tid til å fordjupe meg i ulike tema og problemstillingar, og til og med få betalt for det.

Det å finne ei meining
Det å jobbe i byråkratiet passar sjølvsagt ikkje for alle. Men i Noreg har vi ein fin tanke om at det er bruk for alle, og at alle er verdt noko, uansett kva dei brukar dagane sine til. Då blir det ikkje naudsynt å diskutere kva yrke som er bra eller dårlege.

Uansett om ein er konditor, lærar eller byråkrat, trur eg at det viktigaste er å finne meining i det ein driv på med. Det å kunne bruke ferdigheitene sine, utvikle talenta sine og vite at ein bidreg med noko i den store samanhengen, er gull verdt.

Og sjølv om det er langt i frå kvar dag eg går heim frå jobb og kjenner på at eg har gjort alt dette, så er det herleg dei dagane eg verkeleg kjenner at jobben min er både fleksibel og kreativ.

Ja, akkurat slik eg likar det.

MEIR FRÅ KONTORLIVET: Då Amnesty sende puppe-bilete til Saudi-Arabias ambassade