Student sjøsette hybelen

Framtida
Publisert
Oppdatert 11.08.2018 22:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innerst i ei vik, kalla Solheimsviken, ligg det mange seglbåtar. I ein av dei bur studenten Hans Heum.

– Det var eit tilbod frå foreldra mine. Det er deira båt, men dei brukar den kun på sommartid, så dei føretrekk at nokon bur der resten av året og, seier Heum som går siste året på master i fysikk ved Universitetet i Bergen (UiB).

Før budde han i eit kollektiv i sentrum med nokre vener, men då det skulle oppløysast måtte han finne seg ein ny plass å bu.

– Eg måtte berre gripe sjansen då foreldra mine foreslo det, seier han.

Heum har berre budd i båten sidan rett etter nyttår, men ser allereie fleire fordelar med det.

– Det einaste eg treng å betale er båtplass og straum, så det blir mykje billigare enn ein hybel i sentrum.

Med 2000 kroner i båtplass, og om lag 300 kroner meir for straum enn i ei vanleg leilegheit i sentrum, har Heum funne ut at det er meir lønsamt å bu i båt.

Eigentleg heimlaus
Heum fortel at venene hans er nysgjerrige, og syns det er litt spennande at han bur i båt. Han får ofte spørsmål om det ikkje er litt spesielt, men sjølv syns han ikkje det.

– Eg syns det er utruleg lite spesielt, eigentleg. Det er berre ein plass å bu. Berre ein hybel frå mitt perspektiv, seier han.

– Så lenge eg har bøkene mine og datamaskina mi så kan eg bu kor som helst, legg han til.

Han har òg sjølv vore med å segla i denne båten i lag med familien i fleire år, så han kjenner godt til den. Likevel tek han ikkje ut båten sjølv. Han har nemleg ikkje båtsertifikatet.

– Det er uansett litt styr med å bestille opning av småpudden. Så eg trur ikkje eg hadde gidda å tatt ut båten om eg hadde hatt sertifikatet heller.

Heum er ikkje den einaste som har valgt å bu i båt. Han meiner at dei fleste båtane rundt oss i Solheimsviken er det folk som bur fast i, at dei har eit lite nabolagmiljø, og at det mest truleg er fleire studentar som bur der. Det einaste som irriterer han med å bu i båt er at han i Folkeregisteret må registrerast som utan fast buplass, då ein ikkje kan ha adresse når ein bur i båt.

– Postadressa mi er ute på Askøy mange mil herifrå, mens eg sjølv er heimlaus ifølgje folkeregisteret, seier Heum.

Møter ingen vanskar
Sjølv med ein båt på 43 fot, er ikkje det plass til alt.

– Dusj og toalett er i land. Eg har fasilitetar som eg går til der. Og der er det vaskemaskin og søppelrom. Ganske ok!

Han har heller ikkje innlagt vatn, men fyller på vasstankar han har bak i båten.

– Det kan vere eit problem når slangen er frosen, men no er heldigvis våren komen.

Båten er heller ikkje like godt isolert som ei leilegheit ville ha vore, så han har ein vifteomn og ein dieselvarmar som han byter mellom for å halde båten varm. I båten er det praktisk skapplass som gjer at han får plass til ein del, og han har data og internett om bord. Sjølv meiner han at han kan ha opptil ni overnattingsgjester på ein gong.

Slepp å bli sjøsjuk
Heum kunne gjerne tenkt seg å bu på båt seinare i livet òg. Det han likar med ideen av å bu på båt er det at ein kan flytte den kor som helst, seier han.

– Formålet med at eg vil kjøpe meg eigen båt er at eg kunne plutseleg bestemt meg for å bu ein månad utanfor kysten av Frankrike. Eller eg kunne tatt den ein eller anna stad for å studere der, eller bu der. Det ville ikkje vore heilt det same som å flytte, for du har jo med deg heile huset, seier Heum.

Men akkurat no kosar han seg med å bu innerst i Solheimsviken med berre sju minutt gange til universitetet. Det er ganske lunt inni vika der, og han merkjar ikkje noko til bølgjer.

– Vinden tek litt i masta, så når det er vind gyngar det litt i båten, men ikkje slik at ting ramlar ned. Men du kjenner det, seier Heum, og legg til:

– Den einaste gongen gynginga irriterer meg er når eg er bakfull. For då veit eg ikkje om det er hovudet eller båten som gyngar.

Saka var først publisert i Studvest.