Denne larva et plastposar

Oppdaga superlarvene ved ei tilfeldigheit.

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tusen milliardar plastposar blir brukt kvart år, i følgje The Economist. Kanskje kan larver redde verda frå å drukne under tonnevis av plast?

Ei ny oppdaging frå ein amatørbirøktar gir håp.

Federica Bertocchini, seniorforskar ved det spanske forskingsrådet og Institutt for biomedisin og bioteknologi i Santander, fortel til internasjonale medier at ho gjorde oppdaginga då ho rydda ut av dei tomme bikubene sine.

Bertocchini putta larvene som hadde infisert bikubene i ein plastpose medan ho rydda ferdig, men oppdaga seinare at larvene hadde rømt. Larvene hadde ete små hol i posen, og krabba ut i friluft.

Omnomnom
Saman med to forskingskollegaer utførte ho kontrollerte eksperiment ved Cambridge i England, der forskarane let 100 larver ete så mykje dei klarte av ein plastpose frå eit britisk kjøpesenter.

Etter 40 minutt laga larvene små hol i posen, og etter 12 timar hadde dei forsynt seg med 92 milligram plast.

Forskingsresultata vart publisert som ein kort rapport i tidsskriftet Current Biology denne veka.

Dei talentfulle krypa er larvestadiet til arten kalla «stor voksmøll», som lever av å ete vokstavler i bikuber. Det er ikkje kjent om andre larver i same sommarfuglfamilie har denne eigenskapen.

Forskarane er også forsiktige med å konkludere på om det er larvene sjølv som et og bryt ned plastposane, eller om dei innehar bakteriar som gjer jobben for dei.


Voksmøllarver i ei petriskål. Foto: César Hernández / CSIC

Stort behov for nye løysingar
I Europa vert om lag ein fjerdedel av all plasten vi nyttar sendt til resirkulering, og resten vert anten brent eller sendt på søppeldynga. På dynga kan det ta opp til 1000 år før naturen bryt den ned.

I mellomtida gjer plasten stor skade og bekymrar miljøekspertar. I februar måtte norske forskarar avlive ein sjuk kval som hadde 30 plastposar i magen.

Det er eit stort behov for nye metodar for å bryte ned og resirkulere plast. Kanskje kan larvene bidra til å utvikle teknologien som trengs?

Her kan du sjå video av larvene som gomlar plastposar:

Oppdatering: Ein tidlegare versjon av saka opplyste at larvene åt 92 mikrogram plast. Det korrekte er 92 milligram.