Både AUF og miljørørsla er skuffa over at Arbeidarpartiet vil konsekvensutgreia oljeboring i Lofoten.

mm

Landsmøtet til Arbeidarpartiet gjekk i dag inn for at områda utanfor Lofoten skal vurderast for oljeverksemd.

– Arbeidarpartiet er enno eit fossilparti, som er villig til å risikera verdas siste store torskestamme på alteret til oljeindustrien, konstaterer leiarane i Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.

Demonstrerte
Då landsmøtet opna i dag tidleg vart dei møtt av over 300 demonstrantar frå både miljørørsle og fagrørsle, som kravde at områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja skal haldast fri for petroleumsverksemd.

– Arbeidarpartiet hadde i dag eit gyldent høve til å stå saman med fleirtalet i folket, med kommunane i Lofoten, og med fiskarane som lever av havet. I staden valde dei å setja kortsiktig profitt føre potensielt evigvarende fiskeressursar, seier Wenche Cumming, leier i Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja i ei pressemelding.

På landsmøtet enda det med at fleirtalet av delegatane vedtok innstillinga til sentralstyret, som vil starta konsekvensutgreiinga av havområdet utanfor Lofoten, på Nordland VI.

Leiar i Natur og Ungdom Ingrid Skjoldvær var med på demonstrasjonen framfor Folkets Hus i Oslo:

Skuffa AUF-leiar
AUF kjempa for å venta med ei konsekvensutgreiing av Lofoten, Vesterålen og Senja.

– Vi er sjølvsagt skuffa over at vi ikkje fekk med oss partiet på forslaget vårt, samstundes som vi opplever at det har vore stor rørsle i partiet. Før ynskte ein å konsekvensutrede alle områda – no er det berre snakk om eitt, seier AUF-leiar Mani Hussaini (bildet), og lovar at AUF vil halda fram å kjempa for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE