– Det er viktig å kunne ettergå og vere open om om forskingsresultat, seier norsk kreftforskar.

 «Vi fann ingen effekt» er ein frase du sjeldan finn i vitskaplege tidsskrift. Av og til hender det likevel at fråvær av eit eureka-moment er like viktig som eit nytt gjennombrot.

Kreftforskar Jason Shelzer og kollegaene hans fjerna eit bestemt gen frå brystkreftceller i laboratoriet, men såg ikkje dei same dramatiske endringane som andre forskarar har sett før. I staden for å legge resultata i ein skuff, vart dei publisert i tidsskriftet eLife i slutten av mars i år.

– Viktig å kunne ettergå forskingsresultat
Kristine Sahlberg (biletet) er leiar av eit norsk nettverk for brystkreftforsking. Ho fortel til Framtida.no at negative forskingsfunn er med på å drive fagfeltet framover.

– Generelt er det viktig å publisere negative resultat. Å publisere slike funn sparer andre forskarar for tid og ressursar, og det er viktig å kunne ettergå og vere open om forskingsresultata, seier Sahlberg, som understrekar at ho ikkje kjenner til detaljane bak den nye studien.


Testa legemiddel mot brystkreft
Dei nye resultata omhandlar rolla til eit bestemt gen i utvikling av ulike typar krefttypar. Fleire forskingsgrupper har tidlegare observert at genet MELK er viktig for at kreftceller skal vekse og utvikle seg.

I laboratoriet til Shelzer vaks kreftceller utan MELK-genet like roleg og tolmodig som kontrollcellene.

Basert på tidlegare funn har eit amerikansk selskap utvikla eit legemiddel mot kreft som blokkerer MELK. Då Shelzer og teamet hans behandla kreftceller med legemiddelet, såg dei at det var like effektivt i å drepe kreftceller uavhengig om cellene hadde genet MELK eller ikkje.

Konklusjonen til Shelzer er at legemiddelet truleg fungerer på ein annan måte enn ved å blokkere MELK i kreftcellene.

– Sjølv om dette er «negative resultat», gjer det faktum at andre forskarar arbeider med MELK som eit mål for legemiddel, og at det pågår kliniske studiar med blokkering av MELK, at vi rettferdiggjer publisering av funna, skriv dei anonyme fagfellene i vurderinga av arbeidet.

Kva med pasientane?
Den amerikanske oversikten over kliniske studiar (clinicaltrials.gov) oppgir fire forskingsstudiar med legemiddelet retta mot MELK. To av dei er fullført, ein held framleis på med å rekruttere pasientar, og den fjerde, som er for kvinner med ein aggresiv type brystkreft, er endå ikkje starta.

Ein potensiell konsekvens av dei nye funna er at legar og pasientar vert usikre på om legemiddelet er effektivt. Er det verdt risikoen å ta i bruk eit legemiddel som drep kreftceller, men som kanskje ikkje fungerer slik som ein har trudd?

– Det vil ikkje vere nokon grunn til å stoppe ein klinisk studie som viser positive effektar. Det er viktig å ikkje hive babyen ut med badevatnet, forsikrar kreftforskar Carlos Moreno frå Emory University i Georgia til tidsskriftet Nature.

Legemiddelet som blokkerer MELK er ikkje under utprøving i Noreg.

LES OGSÅ: Kan vi stole på resultat frå kreftforskinga?


Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE