March for Science: «for oss som diggar forsking»

Laurdag 22.april skal Marie E. Rognes og hundretusenar av andre marsjere for ein meir forskingsbasert politikk

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marsjerer for vitskapen

– Vi vil fremje og feire forsking, seier Marie E. Rognes, forskar ved Simula forskingslaboratorium i Oslo.

Rognes nyttar matematiske datamodellar for å kartlegge væsketransport i hjernen, og er ein av 20 medlem i Akademiet for yngre forskere (AYF), kremen av unge, lovande forskarar i Noreg.

På laurdag skal ho og tusenvis av andre forskingsentusiastar delta i March for Science for å vise støtte til ein meir forskingsbasert politikk.

500 arrangement i 35 land
Nesten 1500 nordmenn har indikert at dei er interesserte i å marsjere, og laurdag 22.april arrangerer March for Science Norway markeringar i Oslo, Bergen, Trondheim, Bodø, Tromsø og på Svalbard.

Det er planlagt over 500 arrangement i 35 land, og dei norske arrangementa skjer i solidaritet med hovudmarsjen i Washington D.C.

– Vi håpar at March for Science stimulerer til eit «tipping point» for forskningbasert samfunnsdebatt, skriv Erika Palmer, stipendiat ved UiB og koordinator for March for Science Norway, i ein epost til Framtida.no.

 

Posted by March for Science – Norway on Saturday, February 25, 2017

 

Viktig for gode beslutningar
March for Science er ei grasrortørsle, og Rognes fortel at AYF fungerer som eitt av bindeledda mellom samfunnsengasjementet og forskarane.

AYF vart starta i 2015, og er ifølgje nettsidene «ein tverrfagleg møteplass og forskingspolitisk plattform for yngre forskarar, ein pådrivar for nyskapande forskingsformidling og ein attraktiv vitskapleg debattarena».

– Det er viktig at politikarane tek i bruk forsking for å ta beslutningar, seier Rognes, og held fram at marsjane er for alle som bryr seg om samfunn og vitskap.

Ho trur at marsjane vil bidra til auka merksemd om kor viktig forsking er for både politikarar og samfunnet elles, og håpar at det også vil inspirere forskarane.

– Kanskje vil fleire forskarar ta ansvar for forskingsformidling, der March for Science gir dei eit push til å kome seg ut og forklare kva dei held på med, seier ho.  

Kjeldekritikk
I tillegg til behovet for formidling av forsking, er det også viktig at alle har tilgang til forskingsresultata, meiner Rognes.

– Open Access (forskingsresultat som er opent tilgjengeleg) er svært viktig, og det er også noko regjeringa satsar på. Vidare er det viktig at vi løftar fram både akademisk fridom og kritisk tenking.

Rognes meiner at evna til å vere kjeldekritisk når ein får ny informasjon, samt å kunne vurdere oppfatningar opp mot kvarandre, vert stadig viktigare. Dette gjeld ikkje berre for forskarar og politikarar, men for alle som les aviser, brukar sosiale medium og deltek i debatt.

Frå 0 til 100
Rognes understrekar at March for Science ikkje er ein anti-Trump-demonstrasjon. Ho håpar at både forskarar og andre som synest forskingsbasert debatt er viktig, vil delta. Alle mellom 0 og 100 år er velkomne.

– Dette er ein marsj for oss som diggar forsking, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Møt forskaren som lærer rusmisbrukarar på redde kvarandre frå overdose med ein nasespray

Faktaboks

Interessert i å delta? Sjekk ut MarchforScienceNorway.com