«Tenk kritisk til kva du les, og tenk over kva som er viktig å få med seg til kvardagen», skriv Magnhild Beate Orvik.

Magnhild Beate Orvik
Magnhild Beate Orvik

I dag sit vi berre og ser på Petter Northug, og den forferdelege tragedien om korleis han blei vraka. Vi les om Sophie Elise sitt kjærleiksliv, og korleis sonen til kronprinsessa festar når han er russ. Vi må jo vere heilt tette i hovudet som berre driv og les slike idiotiske, meiningslause nyheiter. Kva med alle barna i Syria som lever dag ut og dag inn i krig? Eller korleis utanriksministeren Børge Brende jobbar med Afghanistan for forbetre utdanninga der? Er det nokon i det heile tatt som har fått med seg det?

I dag er det eit fåtal som les papiraviser. Det er ut. Så kva gjer vi med det? Overser vi berre omverda, og satsar på at alt går som det skal? Nei, så klart gjer vi ikkje det. Vi les på nettet. Omtrent all informasjonen vi får, kjem frå nettet. Men korleis skal vi få med oss dei viktige nyheitene, når alt vi søker på blir lagra, og nyheitene blir sett opp slik at vi får med oss berre det vi vil lese? Viss du berre les om bloggarar og kjendisar, så er det jo det som kjem opp først på nyheitssida du er innpå. Korleis skal du da få med deg det som faktisk er viktig?

Jo, for det er ikkje slik. Sjølv om vi kanskje ikkje nødvendigvis søker opp om valkampen i USA, så er det alltids prat om det. Det poppar alltid opp noko her og der. Det merker du når du sit i ein vennegjeng på skulen. Mange trur kanskje vi berre pratar om den nye kjekke læraren eller kva slags mobil vi skal kjøpe, men slik er det ikkje. Vi diskuterer politikk, flyktningstatusen og andre område som interesserer oss. Vi ungdom liker betre å prate ansikt til ansikt, enn å skulle kommentere alle slags nyheitssaker på nett, slik som du heller ser eldre folk gjere. Det er jo ikkje rart vi sluttar å lese nyheitene i på papir, når det vi ser der ikkje interesserer oss. Er vi på nettet, kan vi finne akkurat det vi vil vite.

Men så har vi jo dei falske nyheitene, såkalla «fake news». Dette er nyheiter som folk har laga for å tene peng av, kanskje spreie virus, eller øydeleggje for personar. Dei florerer rundt om på nettet, og så smarte som folk er, så trur dei på alt dei les. Vi menneske i dag har ikkje kjeldekritikk i det heile tatt. I tillegg klarar vi heller ikkje å skilje mellom virus og faktiske nyheitslenker. «Ein hund tok salto samtidig som han lakka neglene!! Sjå denne sjokkerande videoen!» står det på lenka som poppar opp på Facebook-sida vår. Vi les så klart ikkje lenka som står skrive under, men trykker på ho, og spreier det flotte viruset over heile PC-en. Så kvifor kan vi ikkje berre halde oss til papiret, så kan vi vere trygge?

Nei, kanskje vi ikkje berre skal ty til det enklaste. Så klart, om vi berre hadde sletta alt av sosiale media og nyheiter på nett, så hadde vi berre fått med oss sannheita på TV, avis og radio. Men skal vi berre kaste bort denne utrulege moglegheita? Kan vi ikkje heller lærast opp frå ung alder kva som er ekte og ikkje? Lær ungane på skulen korleis dei skal sortere mellom falske og sanne nyheiter!

Så kanskje er ikkje denne utviklinga så frykteleg som alle skal ha det til. Så lenge folk klarar å tenkje logisk, og ha kjeldekritikk i tankane, skal vi nok overleve. Måten vi får med oss nyheiter på er god, så lenge vi lærer oss korleis vi skal bruke det. Lær ungane dine og elevane dine om det, tenk kritisk til kva du les, og tenk over kva som er viktig å få med seg til kvardagen.
 

Dette innlegget var med i skrivekonkurransen vår om framtida for media og nyhende, og fekk særleg ros frå juryen. Les fleire innlegg i skrivekonkurransen her!

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

LES OGSÅ

ANNONSE