Korleis får eigentleg eg som ikkje er så begeistra for Riise med meg nyhende i dag? spør Emilie Eilertsen.

Emilie Eilertsen
Emilie Eilertsen

«Hysj!» blir det ropt frå sofaen kor mamma og pappa sit. Dei ser på 21-nyheitene. Dei 20 mest heilage minuttane i døgnet. Det er akkurat som om dei treng ein dagleg dose Arill Riise. Gjerne kvar morgon, ettermiddag og kveld. Kanskje til og med ein gong på føremiddagen. Eg, derimot, ser aldri på nyheitene. Så korleis får eigentleg eg som ikkje er så begeistra for Riise med meg nyhende i dag?

«Vi har jo Facebook, då», er det mange som ville ha svart. Meg sjølv inkludert. Det første som møter meg kvar gong når eg loggar meg inn på Facebook er nemleg ein artikkel eller ei nyheitssak. Anten er det nokon som har «lika» innlegget, eller så har ein av mine såkalla «vener» engasjert seg i saka. Då skriv dei lange avhandlingar og diskuterer med andre som er minst like engasjerte. Det er nesten like underhaldande som saka sjølv. Mange har også «lika» sida til t.d. TV 2 Nyheitene eller Dagsrevyen på Facebook. Då får dei også, på same måte som foreldra mine, sin daglege dose av Arill Riise.

Sjølvsagt finst dei ungdommane som likar å bla gjennom papiravisene kvar morgon, eller som sjekkar nettavisa tre gongar dagleg. Likevel vil eg tru at det dei er i eit mindretal. Sjølv om nyhenda i dag er meir tilgjengeleg enn nokon sinne, kan det verke som at færre og færre ungdommar tar turen innom nettavisene dagleg. Sjølv om nettavisene berre er eit tastetrykk unna, er det ikkje det som freistar mest. For ikkje å snakke om papiravisene. Den einaste plassen eg finn papiraviser er heime hjå besteforeldra mine, eller i stativet på Narvesen. Besteforeldra mine blar stort sett berre gjennom  avisa før dei brukar ho som opptenningspapir, og stativa på Narvesen er nesten alltid fulle.

Til tross for at ungdom i det minste får med seg nokre nyhende, er det kanskje ikkje alt som er like «viktig». Ein får jo tilpassa nyheitene etter kva ein tykkjer sjølv er interessant. Marie på 14, som er stor tilhengar av «The Kardashians», er kanskje overtydd om at bileta av dottera til Rob Kardashian er det viktigaste å få med seg. Kanskje tenkjer ho ikkje over alt anna ho går glipp av. Eller kanskje bryr ho seg ikkje. Berre tenk på alle dei rykande ferske nyhenda som Arill Riise presenterer i beste sendetid. Det er i alle fall det mora mi tykkjer.


Så medan foreldra mine sit klistra framfor skjermen i det Arill Riise fortel om det nederlandske valet, sit kanskje eg på Facebook og les om «tre antrekk som skriker vår». Sjølv om begge sakene reknast som nyhende, vil kanskje ikkje alle sjå nytteverdien i den sistnemnde. I alle fall ikkje foreldra mine. Dei treng Arill Riise.
 

Dette innlegget var med i skrivekonkurransen vår om framtida for media og nyhende. Les fleire innlegg her!

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

Kommentarar

ANNONSE