17. mai-feiringa kan vere eit terrormål

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

17. mai og heilagdagar kan vere typiske mål for terroristar, seier forskarar. Søndag oppjusterte PST trusselnivået for dei to neste månadene.

I denne perioden er det fleire høgtidsdagar og merkedagar, noko som kan vere typiske mål for terroristar.

– Terroristar er opptatt av symbolisme, og det kan liggje mykje symbolikk i å gjennomføre noko på dagar som nasjonaldagar og større markeringar, seier forskar Cato Hemmingby ved Politihøgskolen, til NRK.

– Det kan vere store folkemengder andre dagar i året også, men det kan nok vere aktørar som er meir motivert til å gjere noko på ein merkedag som ein nasjonaldag, fordi dei då får den ekstra symbolikken terroristar kan vere ute etter, seier forskaren.

Leiar for 17. mai-komiteen i Oslo, Bjørnar Moxnes, seier dei legger opp til ei flott feiring av 17. mai, med barnetog som vanleg.

– Så vil politiet gjere dei tiltaka som er nødvendige for at vi skal vere trygge på nasjonaldagen. Det har vi full tillit til at dei gjer på ein god måte, seier Moxnes.

Ekstremismeforskar Lars Gule ved Høgskolen i Oslo og Akershus peiker på at angrep ved høgtidsdagar er noko IS oppfordrar til, og at det dermed er heilt naturleg at PST særleg fryktar terror på slike dagar. PST har tidlegare vurdert det som «mogleg» at Noreg kan bli utsett for terror i 2017, no meiner dei det er sannsynleg.

(©NPK)