Regjeringa vil krevje at barnehagetilsette må kunne norsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Må kunne norsk i barnehagen

Tilsette i barnehagar må kunne snakke norsk, meiner kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). Han vil lovfeste eit krav om tilstrekkeleg norskkompetanse.

– Ein av dei viktigaste oppgåvene til barnehagane er å utvikle språket til barna, fordi språket er nøkkelen til leik og nye vennskap. Derfor er det viktig at barna har vaksne rundt seg som kan hjelpe dei med å utvikle språket, seier Røe Isaksen.

Regjeringa vil innføre eit nasjonalt krav om at minoritetsspråklege som vil jobbe i barnehage, må kunne godt nok norsk. Undersøkingar viser at ein av tre barnehagestyrarar har hatt tilsette som ikkje kan godt nok norsk til å snakke med foreldre, barn og kollegaer.

– Skal barna få god oppfølging og foreldre få den informasjonen dei treng, bør dei tilsette som eit minimum kunne skrive korte, enkle beskjedar og gi att hendingar med korte, enkle setningar, seier Røe Isaksen, som fredag sender forslaget ut på høyring.

Kravet vil i hovudsak gjelde søkjarar utan barnehagelærarutdanning. Søkjarar til jobbar som styrar eller pedagogisk leiar må allereie dokumentere at dei har gode norskkunnskapar.

LES OGSÅ: Regjeringa gir 35 millionar til forsking på læring